logo-white

Dreiing av luftfartsavgiftene for å styrke konkurransekrafta til norsk luftfart

— Eg er opptatt av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor vil eg foreslå å endre dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land. Det vil styrke norsk luftfart, seier Dale.

– Med dette er vi i gang med gjennomføring av Jeløya-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft.

Samferdselsdepartementet vil sende forslaga til endring av avgiftene på høyring i løpet av januar.

Departementet vil også foreslå avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene.

– Eg vil foreslå å innføre fritak frå plikta til å betale for inntil seks tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette vil styrke konkurransekrafta til dei lettare flya som operere dagens distriktsruter. Dette forslaget vil styrke grunnlaget for kommersielle flygingar i distrikta, seier Dale.

I høyringsforslaget vil Samferdselsdepartementet høyre eit alternativ med fritak for tre tonn og eit forslag med fritak for seks tonn. Fritak frå startavgifta tek departementet sikte på å innføre så raskt som råd. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 — då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(foto: ©otoerres)

Thon Hotels er bransjevinner i Norsk Kundebarometer 2024

(Foto: Ministry of Heritage and Tourism Sultanate of Oman)

Oman og Saudi-Arabia samarbeider om rask utvikling innen turisme

(källa: travelmarket.se)

Svenskt flygprisindex for resa vecka 23 – 2024

(Foto: Canary Islands Tourism)

Dette er Kanariøyenes beste strender

(pressebilde: visit flandern/related.dk)

Flanderns beste sykkelruter