logo-white

Travel like the locals lanseres i Hardanger

No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.

– Dette er eit veldig spanande prosjekt me har stor tru på. Travel like the locals har vore ein stor suksess i Møre og Romsdal, og no ser me fram til å tilby dette til turistane i Hardanger, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord i ei pressemelding.

Vinn-vinn

Det kan vera utfordrande for turistane å orientera seg om kollektiv-tilboda i Hardanger, og det er her Travel like the locals kjem inn.

Konseptet går ut på å samla og selja ferdigpakka turar med offentleg transport rundt om i regionen.

I Møre og Romsdal kan dei skilta med ein fin vekst dei siste åra. I 2016 nytta om lag 3.400 turistar, fordelt på 16 turar, seg av tilbodet. No har talet reisande auka til 8.000 fordelt på 40 turar.

Dagens turistar vil oppleva «autentiske» Hardanger, og det får dei no. Å reisa kollektivt, er prisgunstig og bra for miljøet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, seier Skogseth.

Nøgde turistar

I fyrsteomgang «får» Hardanger elleve turar som er spreidd rundt i heile regionen. Desse kan bestillast på fysiske utsalsstader eller på ei felles nettside for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland (www.tltl.no).

– Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar, seier Marit Holen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om Travel like the locals HER og om Visit Hardangerfjord HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Saudi Tourism Authority)

Reisetips: AIUla i Saudi-Arabia

Den nye ruteåbning vækker smil hos repræsentanter fra både airBaltic og Billund Lufthavn (Foto: Billund Airport)

airBaltic udvider i Billund Lufthavn med rute til Tallinn

The Fjords DA har motteke fleire prisar for sine tre innovative fartøy i Vision-klassen. To av desse går på Nærøyfjorden, medan det tredje fartøyet opererer i Oslofjorden. Selskapet har i tillegg aktivitet med fleire båtar i Geiranger og Hardanger (Foto: Sverre Hjørnevik)

Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords

(Foto: VisitTampaBay/ Rob Harris)

Gratis i Tampa Bay

(Foto: Ministry of Heritage and Tourism Sultanate of Oman)

St. Regis åpner hotell i Muscat