Fjordkysten Regional- og Geopark er blitt UNESCO Global Geopark

Fjordkysten Regional- og Geopark har fått status som UNESCO Global Geopark: – Ei storhending som markerer ein historisk milepæl for regionen og for geofagleg verdsarv i Norge.

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og 5.240m veg (Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord)

Fjordkysten Regional- og Geopark er no offisielt godkjent som ein UNESCO Global Geopark – ei utmerking som markerer både internasjonal geologisk betydning og ein særs sterk lokal forankring.

Fjordkystparken er Norges første kombinerte Regional- og Geopark, og blir omtalt som ein av dei beste stadene i verda for å studere ei fjellkjedes vekst og fall. Her finn ein tydelege spor etter den kaledonske fjellkjeda, som vart danna for meir enn 400 millioner år sidan.

Fjordkystparken handlar om meir enn geologi. Med meir enn 85 partnarar frå kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og privatpersonar, er samarbeid eit av dei viktigaste måla. Parken fungere som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og jobbar med tema som bygningsvern, landskap, besøksforvaltning og formidling. Dei har og eit eige barne- og ungdomsprogram.

Villsau-safari (Foto: The Fjord Coast and Sunnfjord)

Her ute, heilt vest i Noreg, bur folk som kombinerer tradisjon med innovasjon, driv med mangesysleri og som forstår verdien av samarbeid og tolmod. Parken er eit nedanfrå og opp- initiativ, med fokus på ivaretaking og utvikling av regionen sine natur-og kulturressursar, på lokalbefolkninga sine eigne premissar. Området byr på eit rikt mangfald av opplevingar tufta på både natur og kultur.

Kva gjer Fjordkystparken unik?

– UNESCO-statusen stadfestar at vi har geologi i verdsklasse, men vi hadde aldri fått han utan det sterke samarbeidet vi har, seier Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkystparken.

Smaksopplevingar hos Leonards Forlaavelse i Fjaler (Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord)

Spektakulær geologi: Spora etter den kaledonske fjellkjeda er tydelege i landskapet.

Kystkultur og levande bygder: Området har ei sterk kulturarv knytt til fiskarbonden, industrihistorie, vikinghistorie, forteljarkunst og mangesysleri.

Unikt samarbeid: Parken er eit grasrotinitiativ som er bygd på samspel mellom lokalsamfunn, fagmiljø og styresmakter.

Opplevingar heile året: Her kan du vandre i urørt natur, utforske øyar og fyr, og ta del i formidlinga av ein heilt unik stad.

Fjordkysten Regional- og Geopark ligg i destinasjonen Visit FjordKysten og Sunnfjord, like nord for Bergen. Her er avstandane korte mellom dei store opplevingane.

Landskapet i Solund (Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord)

– UNESCO statusen er svært verdifull for heile regionen. Den set fokus på ein naturarv i verdsklasse, som motiverer til å ta vare på natur- og kulturarven vår. Ein UNESCO status baner også veg for større synlegheit for alle dei spanande natur- og kulturopplevingane som vi har å by på, seier Marita Solheim – dagleg leiar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Difor bør du reise hit

  • Villsausafari: Kom tett på dei tradisjonelle utegangarsauene og sjå korleis dei skapar eit levande landskap på ein guida villsausafari
  • Fordjup deg i ekte vestlandsk kultur og smakar – frå kvernsteinsbrot i Hyllestad, via poesien hos Jakob Sande, til smaksopplevingar hos Leonards Forlaavelse – her får du ei reise gjennom natur, kultur og mat i verdsklasse.
  • Øyhopping med postbåten: Opplev øylivet på ekte vis – med same båten som fraktar folk, sauer, varer og historier mellom øyane.
  • Fyrsafari til Utvær: Bli med ut til Noregs vestlegaste punkt – eit kulturhistorisk fyr ytterst i havgapet.
  • Fjellturar: Bestig legendariske fjell som Alden (Den Norske hest), Lihesten og Storehesten – med spektakulær utsikt og tradisjonsrike forteljingar.


Sommarstemning i Solund (Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord)


Dette er meir enn ein Regional- og Geopark – det er ein levande kultur- og naturskatt, der både landskapet og folka fortel historia.

Fjordkysten Regional- og Geopark, ein UNESCO global geopark blir den femte norske UNESCO global geoparken i Norge, og den tredje i Fjord Norge-regionen. Frå før finst Magma Unesco Global Geopark og Sunnhordland Unesco Global Geopark.

Les meir HER 

Besøk Fjordkysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark si heimeside HER