logo-white

Gjendeosen turistveganlegg står ferdig i 2023

Statens vegvesen reiser no eit nytt arkitektteikna servicebygg på Gjendeosen langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Bygget kompletterer storsatsinga på Gjende, som ein av dei store norske turistattraksjonane som får eit solid løft gjennom turistvegprogrammet til Statens vegvesen. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Gjendeosen - Turistveganlegg - Servicebygg - Valdresflya - Oppland - Innlandet
Modellfoto Gjendeosen (Kilde: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL)

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk, café, offentlege toalett samt kjøkken, lager, personalrom og tekniske rom. Det omkringliggjande utearealet skal opparbeidast enkelt og estetisk.

Bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjonar med tre og glas i fasadane og tak med trepanel. Grunnmuren og dekket er støypt. Det neste er å få opp veggene og takkonstruksjonen. Kostnadsramma for servicebygget er på 45 – 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar. Det nye servicebygget skal stå ferdig i 2023.

Gjendeosen - Turistveganlegg - Servicebygg - Valdresflya - Oppland - Innlandet
Illustrasjon Gjendeosen (Kilde: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL)

Med det nye bygget blir turistveganlegget på Gjendeosen fullført frå Statens vegvesen si side og ein komplett fjellterminal for dei mange besøkande frå inn- og utland, over 60.000 berre i sommar. Dei fleste av desse tek båten innover Gjendevatnet for å gå og oppleva Besseggen.

I den første byggefasen til og med 2019 blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som praktisk og visuelt støttar opp om stemninga og behova på staden. Hovudparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering supplert med ein liten kiosk/kvilebu. Med det nye servicebygget vil Gjendeosen med sin særprega arkitektur stå fram som ein heilskapleg attraksjon.

Gjendeosen - Turistveganlegg - Servicebygg - Valdresflya - Oppland - Innlandet
Illustrasjon Gjendeosen (Kilde: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL)

Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra. Dei andre store attraksjonane som så langt er fullført er Trollstigen og Gudbrandsjuvet langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, Steinsdalsfossen i Hardanger, Allmannajuvet i Ryfylke, Eldhusøya langs Atlanterhavsvegen og Steilneset i Varanger. 

  • Byggherre: Statens vegvesen
  • Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
  • Entreprenør: Brun Bygg AS

Les mer om Nasjonale Turistveger HER og om Nasjonal Turistveg Valdresflye HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

1,9 millioner nordmenn skal til utlandet i sommer (Fotokilde. Fremtind)

Dyrtid: Forsikringen dekker ikke kalde reiseføtter

(AI-generert illustrasjon)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker