Trafikktala i februar: Fleire utanlandsreisande – stabilt innanlands

Totalt 3,6 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i februar. Dette er ein auke på to prosent samanlikna med februar i 2024. Det er liten auke i talet på innanlandsreisande, men for utanlandsreisande gjekk talet opp med seks prosent.

Passasjerbru på Tromsø lufthamn – TOS (Foto: Avinor/ Øystein Løwer)

I februar 2024 reiste det 1.359.878 passasjerar mellom Noreg og utlandet. Eit år seinare er talet auka til 1.438.674 reisande.

– Veksten i talet på utanlandsreisande er framleis prega av den sterke auken i turisme til Noreg. Noreg er ein attraktiv destinasjon, og vi opplever nå ein sterk vekst vinterstid. Dette gjeld både frå Europa, Nord Amerika og Asia. Det er her vi finn forklaringa på auken i passasjertala, forklarer Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor

Ingen auke i flyrørsler

Det var 45.549 flyrørsler i februar. Det er på same nivå som februar i 2024.

– Med ei framleis begrensa utvikling i talet på flyrørsler, held fyllingsgraden fram med å stige også for februar. Samla var fyllingsgraden på 71,8 prosent, noko som er opp over 1 prosentpoeng mot same månad i fjor. Dette er positivt for kapasitetsutnyttinga i luftfarten, men det er også eit uttrykk for dei store leveranseutfordringane flyselskapa står overfor. Det påverkar rutetilbodet i marknaden, avsluttar Riise.

Framleis størst vekst for dei mindre lufthamnene

For alle Avinor sine lufthamner samla er det to prosent fleire reisande i februar i år enn i februar i fjor.

Se vi på dei store lufthamnene Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger (DSL), er det liten endring samanlikna med februar i fjor, med ein prosent samla auke.  

Det er dei regionale lufthamnene (DRL) som hadde størst samla vekst i  februar, med ein auke på åtte prosent.

 FebruarHittil i år
Lufthamn20242025Endring20242025Endring
Oslo1 763 0001 805 0002 %3 357 0003 550 0006 %
Bergen438 000427 000-3 %856 000858 0000 %
Trondheim295 000291 000-1 %566 000575 0001 %
Stavanger276 000268 000-3 %546 000538 000-1 %
DSL sum2 772 0002 791 0001 %5 325 0005 521 0004 %
Tromsø237 000272 00015 %452 000544 00020 %
DSL andre541 000569 0005 %1 030 0001 117 0008 %
DRL sum778 000841 0008 %1 482 0001 661 00012 %
Avinor sum3 550 0003 632 0002 %6 807 0007 182 0006 %


Fleire relaterte nyhende finner du HER, HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

<span data-metadata=""><span data-buffer="">Ent innlegg

(Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Fleire flyr – utanlandstrafikken driv veksten i mars

(Kilde: travelmarket.no)

Oslo-fly til storbyfavoritter for under 1.000 kroner

(Fotokilde: Tourism Authority of Thailand)

Thailand inviterer internasjonale besøkende til UNESCO-anerkjent nyttårsfeiring

Det norske bilmarkedet endrer seg raskt, og europeiske bilmerker taper markedsandeler. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Europeiske bilmerker taper terreng i Norge: Et varsel til resten av Europa

(Foto: Haakon Lundkvist)

Tom Anker Skrede blir direktør for Visit Northwest