The Fjords utvidar flåten med nytt nullutsleppsfartøy frå Brødrene Aa

The Fjords styrkar satsinga si på berekraftige fjordopplevingar og kunngjer i dag at selskapet har inngått avtale med Brødrene Aa om levering av eit nytt, topp moderne fartøy. Det skal setjast i trafikk på Nærøyfjorden som selskapet sitt tredje fartøy i den spektakulære og vakre verdsarvfjorden. Fartøyet er eit nullutsleppsfartøy med elektrisk batteridrift, og vil vere på plass til årets sesong.

Turisttrafikken på fjordane er aukande, og behovet for meir kapasitet er særleg stort i sommarmånadane. Samstundes som det nye fartøyet gir auka kapasitet betyr dette også at The Fjords tilbyr fleire avgangar gjennom dagen, noko som bidreg til ein jamnare gjesteflyt og ei betre totaloppleving i verdsarvområdet. Som selskapet sine øvrige fartøy har den nye båten god plass til gjestene, noko som sikrar ei komfortabel reiseoppleving.

Det nye fartøyet har ein kapasitet på 300 passasjerar og er designa for å gi gjestene ei tett på naturoppleving. Med eit stort utsiktsdekk, romslege uteområde og eit gjennomført interiørkonsept i tråd med The Fjords sin profil, vil fartøyet tilby både komfort og panoramautsikt i verdsklasse. Ombord finst ein moderne lounge og kafé, utvikla for å gi gjestene ei heilskapleg oppleving gjennom heile reisa.

– Dette er eit nytt viktig steg i utviklinga vår. Med eit tredje fartøy på Nærøyfjorden styrker vi både kapasiteten og fleksibiliteten i tilbodet vårt. Med denne utvidinga held The Fjords fram si målretta satsing på framtidsretta og miljøvenlege løysingar, samstundes som selskapet legg til rette for vidare vekst og utvikling i åra som kjem, seier dagleg leiar i The Fjords John Vonli.

The Fjords har segla utsleppsfritt i Nærøyfjorden sidan 2020, og med sterkt reduserte utslepp også i åra før dette. Med det nye fartøyet gjer selskapet det mogleg for endå fleire gjester å oppleve fjorden på nært hold – heilt utsleppsfritt.

Investeringa gir også The Fjords moglegheit for utvikling av nye produkt i skulder- og vintersesong. Auka frekvens og betre tilpassing til marknaden vil bidra til å forsterke selskapet sin posisjon som ein leiande aktør innan heilårleg berekraftig fjordturisme.

Fartøyet er basert på Brødrene Aa sitt innovative Aero-design, som kombinerer låg vekt, høg komfort og energieffektiv drift. Den elektriske batteridrifta gir null utslepp og ei stillegåande reiseoppleving, som ytterlegare forsterkar naturopplevinga i det sårbare fjordlandskapet.

Les også: Nytt samarbeid gir elektrisk løft på Geirangerfjorden (november 2025) The Fjords utvidar til tre heilelektriske fartøy på Nærøyfjorden frå 2026 (mars 2025)

For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjane: FERJER – FLÅMDESTINASJONSSELSKAPERNORWAYS BESTNÆRØYFJORDENREISELIVSIGHTSEEINGTHE FJORDSTURISME