logo-white

Slik blir sommaren på NRK

Snart er sommaren her, og på NRK er sendeskjema spekka med sportshendingar du berre må få med deg og musikalske opplevingar frå heile landet. I NRK TV finn du det beste kringkasteren har å by på av seriar og dokumentarar.

Sommeren 2022 - NRK - Radio - TV - Podcast
Det er mykje å glede seg til: Kvinnelandslaget er i EM, og den kritikarroste serien The Responder kjem i NRK TV. Det gjer også minidokumentarserien Cash med blant anna Petter Stordalen. NRK vil også vere full av musikk frå heile landet, men først er det VG-lista på Rådhusplassen med Arianrhood Engebø og Nathan Kahungu. (Foto: Eskil Furunes Wie / Fremantle, DR)

Her finn du ei oversikt over kva du kan sjå og høyre på NRK gjennom sommaren:

Musikk og feiring

11. juni inviterer Kringkastingsorkesteret til sommarkonsert: Då deler heile landets orkester sommarperler på NRK1 saman med programleiar Hans Olav Brenner.

17. juni blir det andre takter: Då er Arianrhood Engebø og Nathan Kahungu vertskap for VG-lista på Rådhusplassen, og Alan Walker, Synne Vo, Ballinciaga, Ramón, Emma Steinbakken og Chris Holsten er blant artistane som står for festen. Følg sendinga frå kl. 20.00 direkte på NRK1 eller i NRK TV.

18-27. juni er det Pride, og NRK er med på feiringa av skeiv kjærleik og mangfald. NRK dekker paraden og festen i Oslo med direktesending på dagen og eiga sending på kvelden. Dokumentarane Kim & Wenche og Lille jente blir å sjå i NRK TV allereie frå midten av juni, og Lisenskontrolløren dykkar ned i NRKs arkiv og finn skeiv kjærleik. Det blir også mykje skeivt innhald både på radio og nett desse dagane

2. juli, 9. juli, 30. juli, 6. august og 13. august blir det Festivalsommer på NRK1 og NRK TV. Dei fem timar lange sendingane vil by på varierte konsertoppleveringar frå heile landet. Her er nokre av festivalane det vil vere innslag frå: 

  • Kråkeslottfestivalen, Senja
  • NEON, Trondheim
  • Rondaståk, Gåla
  • Kammermusikkfest Risør
  • Egersund Visefestival
  • Kongsberg Jazzfestival
  • Seljordfestivalen
  • Vinjerock

Det er også sju radiosendingar på laurdagar på NRK P2 frå 2. juli til og med 13. august.

NRK TV: Seriar og dokumentarar

Dei norske seriane Lik meg (sesong 6) og Venner fra før har premiere i starten av juni. NRK TV vil fyllast opp med i alt 14 nye seriar og om lag 10 dokumentarar som alle har NRK-premiere i løpet av sommaren. Her er nokre av seriane du kan glede deg til:

  • The Responder: Om politimannen Chris som slit både med ekteskapet og den mentale helsa si. I NRK TV: 17. juni
  • Thrilleren Huset: Fi kjem heim til huset sitt, men der har framande folk flytta inn og ektemannen er borte. I NRK TV: 17. juni.
  • Suksessdramaet Fredløs om Mo som heilt uskuldig hamnar i fengsel. I NRK TV: 24. juni
  • Margrete den første – dansk drama i tre delar med Jakob Oftebro i ei av rollene. I NRK TV (og NRK1): 2. juli
  • Dobbeltgjengaren – To unge kvinner, ei frå Vest-Tyskland og ei frå DDR, oppdagar at dei er tvillingar. I NRK TV: 17. juni
  • Lea: Kor langt er ho villig til å gå for å nå til topps i VM? Boksedrama frå SVT. I NRK TV: 15. juli
  • Krimserien Sherwood, basert på verkelege hendingar og ein av BBCs store seriar i 2022.

Blant dokumentarane byr NRK på mellom anna desse:

  • Cash: Eit filmteam har følgt Petter Stordalen, tilsette i chartergruppa Spies og ein thailandsk strandmassør gjennom den største og verste krisa dei har opplevd.
    Dansk dokumeserie om krisa i reiselivsbransjen. Draumar må vike for søvnløse netter når pandemien inntreff. I NRK TV: 24. juni
  • Hemmelig hav: To tenåringsjenter i havsnød ved Ålandshavet ser brått ein ubåt. Det skal prege dei for alltid. I NRK TV: 24. juni.
  • Louis Theroux: Forbidden America: Theroux møter høgreekstreme, valdelege rapparar og avdekker metoo-problem i pornobransjen. I NRK TV: 24. juni
  • Ghislaine Maxwells forbrytelser: Mini-serie om medhjelparen til overgriparen Jeffrey Epstein. I NRK TV: 5. juli
  • Gunda: «Briljant dokumentar med poetiske kvaliteter», skreiv Filmpolitiets Birger Vestmo då denne dyredokumentaren kom, og trilla terningkast 6. I NRK TV: 24. juni.

Det kjem også ny sesong med Munter mat og reiseprogram med komikar Griff Rhy Jones.

Sport

Sportshøgdepunkta står i kø denne sommaren.

Allereie 16. juni må den sportsinteresserte må benke seg, for då er det Diamond LeagueBislet Games. Programleiar Ida Nysæter Rasch tek deg gjennom konkurransane saman med kommentatorane Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal. Både Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen skal løpe. Bislett stadion er 100 år i år. Det feirar NRK med eit spesialprogram dagen før.

22–26. juni, ei knapp veke etter, inviterer Skien til NM-veka 2022. Det skal kårast ein noregsmeister i over 30 idrettar over seks dagar. Programleiar er Marianne Kvamme Amengual. Pål Thomassen, Ingrid Sørli Glomnes, Ole Kristian Stoltenberg og Patrick Rowlands skal kommentere. 
6. juli er det avspark i den første kampen i fotball-EM for kvinner. NRK og TV 2 deler på rettane når dei norske jentene, denne gongen med Ada Hegerberg i spissen, skal kjempe om edelt metall. Dei 31 kampane er jamt fordelte mellom dei to TV-husa. Meisterskapen blir arrangert i England. 

15.– 24. juli 2022 er det VM i friidrett for 18. gong, denne gongen arrangert på Hayward Field i Eugene i Oregon i USA. Ida Nysæter Rasch er programleiar og Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal kommenterer. NRK sender alt som skjer live, og dei største norske friidrettsstjernene deltek i verdsmeistarskapen.

30. juli – 5. august er Landsskytterstevnet endeleg tilbake, før første gong siden 2019. Årets arrangement er lagt til Bodø. Carina Olset er programleiar, mens Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde er kommentatorar.  

3. – 6. august sender NRK frå skifestivalen Blink i Sandnes.
15.– 21. august er det duka for EM-veka i München, som inkluderer EM i friidrett. Her blir det også EM i roing, padling, sykkel, klatring, turn, bordtennis, sandvolleyball og triatlon. Det er mange nordmenn i aksjon i dei forskjellige idrettane, og NRK vil sende mykje direkte gjennom heile dagen. 

Podkast og radio

For nokon er «The Kid from Red Bank», også kjent som Reiseradioens kjenningsmelodi, sjølve lyden sommar. Det blir sjølvsagt Reiseradioen i år og, første sending er 18. juni.

For andre er det dei sterke og interessante historiene i Sommer i P2 som er det føretrekte lydsporet om sommaren. Sendingane startar 27. juni og går fram til 14. august

Sommar er også lange bilturar – då er podkast perfekt. Du finn alle NRKs podkastar i NRK Radio. Nytt av året er podkasten Feriestemning. Der blir du betre kjent med to kjendisar du vanlegvis ikkje møter samtidig. Desse to speler også musikk dei liker. Men kanskje er det dei i baksetet som bestemmer kva familien skal lytte til?

Her er fire podkastar for barn:

Alle podkastane (inkludert ny sesong av Fantorangens lydmysterier) kjem i NRK Radio 10. juniI tillegg kjem det 16 høyrespel for barn den 16. juni.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Sommernatt - Bjørnafjorden - Os- Hordaland - Vestland fylke

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 18. april 2024

Eftir åpnet 17. april. Her ved CEO og gründere i Eftir, Cecilie O. Nielsen og Nina Lohk, samt Lill Sønsteng og Gro Kotte i Avinors kommersielle avdeling (Foto: Avinor)

Skandinavias første flyplassbruktbutikk åpnet på Oslo lufthavn

Samarkand Eternal City (bild: freedomtravel.se)

FREEDOMtravel har samlat journalister och bloggare för Uzbekistan-resa

Emirates Boeing 777-300ER på Oslo lufthavn Gardermoen (foto: ©otoerres)

Historisk ørkenstorm påvirker flytrafikken i Dubai

(Foto: TUI)

Salget av fleksible reiser til sol og bad går i taket