Siste nytt

Destinasjoner
september 26, 2026


— I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, vil eg ikkje la nokon aktuelle tiltak stå uprøvd. Mange har ønska at vi skal kontrollere alle vogntog som kryssar grensa inn til Noreg. Det ville eg gje eit forsøk. Tysdag kveld kontrollerte vi alle vogntoga som kom over grensa ved Ørje i Østfold. Det ga fleire nyttige erfaringar som vi vil ta med oss vidare i arbeidet for å trygge vegane våre, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Tysdag kveld deltok samferdselsministeren på ein kontroll av alle vogntog som kom over grensa til Ørje kontrollstasjon, saman med statsminister Erna Solberg.
– Det skal vere trygt å ferdast på norske vintervegar. Regjeringa har auka satsinga på utekontrollverksemd dei siste åra. Det vil vi halde fram med. Tilstrekkeleg beredskap i vintersesongen er viktig, slik at vi både unngår ulukker og hindrar at fastkøyrde tunge køyretøy skapar kaos i trafikken. Etter fleire alvorlege hendingar med tunge køyretøy i vinter vurderer vi fleire ulike tiltak for å betre situasjonen».
– I januar i år bad eg Vegdirektoratet om å skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Farlege vogntog skal bort frå norske vegar. Dette er eit tiltak i arbeidet for auke sikkerheit og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale.
– Vi ønsker også å skjerpe reaksjonane for vogntog som ikkje er skodd for norsk vinterføre. Gebyrsatsane bør aukast om du ikkje har med riktig utstyr for å køyre på norske vinterveger. Dette har eg gitt Vegdirektoratet i oppdrag å utreie no, seier Dale.
– Kontrollen av alle vogntog som kryssa grensa ved Ørje er ein annan type tiltak. Den har gitt oss nyttige erfaringar, seier Dale.
Ein rekkje tiltak er gjennomført sidan 2013
Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. Mellom anna: