logo-white

Hornelen Via Ferrata – Du har aldri klatra eit fjell som dette før!

Hornelen Via Ferrata er ein ny spektakulær via ferrata der du klatrar opp den høgste sjøklippa i Europa, heile 860 meter over havet. Klatringa i loddrett fjell med sjøen rett under er noko du og dine aldri vil gløyme.

No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata (Foto: Norges Boltefond)

Utruleg nok er dette også ei historisk rute. Soga om Olav Trygvason fortel at han klatra opp bratthenget på Hornelen, og mange meiner difor at Olav etablerte den første klatreruta i Norge. No har du sjansen til å gjere det same som Olav, men i kontrollerte former.

Hornelen Via Ferrata er klare for å guide turar opp Hornelen frå og med 18.juni. Dyktige guidar er klare til å ta imot sine første gjester. Dei tek kyndig vare på deg og di sikkerheit, slik at du kan fokusere på klatring og mektige naturopplevingar. Klatreløypa er eit unikt tilskot til reiselivet i Nordfjord, og verkeleg ein attraksjon det er verdt å kome ens ærend for å oppleve!

– Å klatre Hornelen Via Ferrata er som å klatre midt i eit postkort, seier Rune Carlsen frå Norges Boltefond, som har bygt Hornelen Via Ferrata og fleire andre Via Ferrata i Norge.

Det finst tre ulike ruter opp Hornelen: Ørnelia, Hekseveggen og Olavsruta. Ørnelia tek to timar og er den perfekte introduksjonen til Via Ferrata for dei som prøver dette for første gong. Hekseveggen tek fem timar, og byr på svært variert og til tider utfordrande klatring.

Olavsruta er aller heftigast og sjølve toppstøtet av Hornelen. Denne ruta tek åtte timar og er verkeleg eksponert og utfordrande, så her kjenner ein verkeleg på livet! Det er satt opp seks avgongar dagleg, med varierande storleik på gruppene tilpassa rutene.

– Dette er den heftigste Via Ferrataen i Norge!, seier Rogier van Oorschot, CEO for Hornelen Via Ferrata.

Smalsarhuken (Foto: Norges Boltefond)

Teamet i Hornelen Via Ferrata gler seg enormt til å kome i gong med sesongen, og lose erfarne og mindre erfarne fjellfolk trygt opp og ned dette majestetiske fjellet, på luftig vis!

Les meir om Hornelen Via Ferrata HER, samt om Nordfjord HER og HER

Fleire nyhende og artikler om Nordfjord finns HER

Spektakulær utsikt fra hvilebenk (Foto: Norges Boltefond)
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!

Ibsens Hotel modtager Travelers' Choice Award 2024 (Foto: Ibsens Hotel / Arthur Hotels)

Ibsens Hotel modtager Travelers’ Choice Award 2024

1,9 millioner nordmenn skal til utlandet i sommer (Fotokilde. Fremtind)

Dyrtid: Forsikringen dekker ikke kalde reiseføtter

(AI-generert illustrasjon)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål