logo-white

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene

— Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegnar i vegtrafikklova.

Mellom anna blir det foreslått at kandidatar som fuskar til førarprøva kan få inntil 1 års karantenetid før ein kan gå opp til ny prøve. I dag får dei som fuskar same karantenetid som dei som stryker, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve. Det har dei seinare åra vore ei auke i talet på fusk til førarprøva. Tiltak som kan bidra til å redusera omfanget av fusk er viktig for å hindre at ukvalifiserte førare slepp ut i trafikken. Slike førare er ein fare i trafikken for seg sjølv og andre.

Lovforslaget kan lesast HER (ekstern lenkje)

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

The Fjords DA har motteke fleire prisar for sine tre innovative fartøy i Vision-klassen. To av desse går på Nærøyfjorden, medan det tredje fartøyet opererer i Oslofjorden. Selskapet har i tillegg aktivitet med fleire båtar i Geiranger og Hardanger (Foto: Sverre Hjørnevik)

Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords

(Foto: VisitTampaBay/ Rob Harris)

Gratis i Tampa Bay

(Foto: Ministry of Heritage and Tourism Sultanate of Oman)

St. Regis åpner hotell i Muscat

(fotokilder: fundaciomallorcaturisme.net/related.dk)

Lær mer om lokal keramikk på Mallorca

Se utover store deler av Norge fra Gaustatoppen på 17. mai! (Foto: Guro Skaara)

Anbefalte turer for fridager og nasjonaldagen