logo-white

Rapport: Avinor AS tilrår å oppretthalde drifta av lufthamnene

– Det er viktig å sikre eit godt transporttilbod over heile landet. Mange stader er flyplassane på kortbanenettet avgjerande for å oppnå dette målet. Tilrådinga frå Avinor om å oppretthalde drifta ved dei 17 lufthamnene som no er vurderte, betyr mykje for folk og næringsliv i distrikta.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)
Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Avinor AS 20. mai la fram ein rapport om 17 lufthamner på kortbanenettet. Tilrådinga om å oppretthalde drifta ved desse lufthamnene gjeld fram til ny rapport blir lagt fram i 2019.

— Tilfreds med tilnærminga til Avinor

Samferdselsministeren meiner at det ikkje var naudsynt å uroe seg før rapporten blei presentert.

— Regjeringa har vore tydeleg på at vi vil ha eit godt transporttilbod over heile landet. Eg er tilfreds med tilnærminga Avinor har til regjeringas politikk.

Konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor sa mellom anna følgjande til pressa i samband med framlegginga av rapporten:

— Vi har bestemt oss for å behalde dagens flyplasstruktur sidan regjeringa har vore tydeleg på at vi må halde oppe transportstandarden, og sidan vegutbygginga ikkje har kome så langt at det er andre gode løysingar.

Rapporten er ein del av grunnlaget for ny NTP

Utgreiinga frå Avinor er utførd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, og er ein del av grunnlaget for ny Nasjonal transportplan (NTP).

Sjølv om drifta ved dei 17 lufthamnene blir vidareført, peikar Avinor på behovet for å effektivisering. For å styrkje flyplassane si rolle og forsvare vidare drift, må dei omstille seg i takt med samfunnsutviklinga. Spesielt viktig er utviklinga i busetjing, næringsliv og vegstandard.

Rapporten omfattar ikkje vurderingar av lufthamnene i Nordland og Fagernes lufthamn. Desse flyplassane har blitt analysert og vurdert i andre samanhengar.

Les også: Må omstille for å opprettholde lufthavntilbud

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(bildekilde: strawberry.no)

Wood Hotel Bodø har åpnet dørene

Air France Lounge - Paris Charles de Gaulle

Kredittkort med gratis adgang til flyplasslounger

Kiruna Aiport (bildkälla: Peter Phillips/Swedavia)

SAS lanserar direktlinje mellan Kiruna och Köpenhamn i vinter

(Foto: Canary Islands Tourism)

Viva el 17 de Mayo ! – Årets nasjonaldag feires stort på Kanariøyene

Stein Nilsen (Foto: Widerøe)

Stein Nilsen fratrer i Widerøe