logo-white

Fleire utanlandsreisande i august

4,6 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i august. Dette er 3 prosent fleire enn i august i fjor, men 6 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

Fleire flyr utanlands, viser tal frå Avinors passasjerstatistikk for august 2023 (Foto: Avinor)

– August er prega av god auke i etterspørselen etter utanlandsreiser, sett mot august i fjor. Reiselysta har for utenlandsreisar har hatt en god utvikling gjennom året, mens innlandsmarknaden har utvikla seg svakare, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise

Les også: 2.4 millioner reiste over OSL

– Sjølv om marknaden veks samanlikna med fjoråret, er vi framleis eit godt stykke bak nivåa vi såg i 2019. Det økonomiske og geo-politiske verdsbiletet har ein effekt på trafikktala, og utviklinga framover er venta å være prega av dette. I vår siste prognose vurderer vi at vi først vil sjå 2019-nivåer i 2027-28, mot tidlegare venta kring 2024-25.

– Her vil det være store skilnader mellom ulike marknader og flyselskap. Det er og knyta stor usikkerheit til prognosane da endra forutsetningar, som renta og krigen i Ukraina,  kan gje store utslag, seier Riise

Passasjertal

2 505 509 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er to prosent færre enn i august 2022 og fem prosent færre enn i august 2019.

Trafikken utanlands, med 2 089 452 passasjerar, har auka med åtte prosent samanlikna med i fjor, men er framleis åtte prosent lågare enn i august 2019.

– Våre undersøkingar viser også at tilreisande turistar til Noreg frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga både for innland- og utlandstrafikk i sommar. Dette er gledeleg for det store antallet bedrifter og tilsette som er avhengige av nettopp denne kundegruppa, seier Riise.    

Flyrørsler

Det var 66 288 kommersielle flyrørsler i august. Dette er tre prosent færre enn i august i fjor. Om ein samanliknar med august i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på fem prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019.

Talet på flyrørsler så langt i år er sju prosent bak 2019.

Les også: Framleis auke i flyging med dronar

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(foto: ©otoerres)

Thon Hotels er bransjevinner i Norsk Kundebarometer 2024

(Foto: Ministry of Heritage and Tourism Sultanate of Oman)

Oman og Saudi-Arabia samarbeider om rask utvikling innen turisme

(källa: travelmarket.se)

Svenskt flygprisindex for resa vecka 23 – 2024

(Foto: Canary Islands Tourism)

Dette er Kanariøyenes beste strender

(pressebilde: visit flandern/related.dk)

Flanderns beste sykkelruter