logo-white

Ferjetakstane reduseres 30 prosent

– Vi skal sørge for at vanlege folk i heile landet kan bruke ferjene langs kysten. Derfor reduserer vi takstane med 30 prosent frå 1. januar 2022, samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette er eit veldig viktig, første steg mot lågare ferjetakstar på sikt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Jon-Ivar Nygård - Statsråd - Politiker - AP
– No løyver vi totalt nesten ein milliard kroner til billegare ferjebillettar. Det viser at vi tar distrikta på alvor, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. (Foto: Jakob Vorren/SD)

I samband med tilleggsproposisjon til statsbudjettet for 2022 kjem det 489,8 millionar kroner meir til lågare ferjetakstar. Det er ei dobling av det som allereie ligg i budsjettforslaget til Solberg-regjeringa, og legg til rette for 30 prosent lågare ferjetakstar i heile Noreg.

– No løyver vi totalt nesten ein milliard kroner til billegare ferjebillettar. Det viser at vi tar distrikta på alvor. Folk skal ikkje droppe å ta ferja fordi pengane ikkje strekk til. For mange er ferja avgjerande for at kvardagen skal gå i hop, seier statsråd Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår òg å løyve 30 millionar kroner til å redusere takstane i ferjesamband med færre enn 100 000 passasjerar. Regjeringa vil komme tilbake til innretting av tiltaket i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022.

– I Hurdalsplattforma legg regjeringa opp til å halvere prisane på riksvegferjer i fireårsperioden, og vil leggje til rette for tilsvarande reduksjonar på fylkesvegferjene. I tillegg er det lagt opp til å innføre gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Dette er eit viktig steg for å følgje opp plattforma, seier samferdselsministeren.

Les fleire relaterte nyhende og artiklar HER, HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Jamaica Tourist Board)

Fem mindre kjente opplevelser langs Jamaicas sørkyst

Hele luftfartsindustrien står overfor en spennende og nødvendig transformasjon. Rundt 2035 vil såkalte nullutslippsfly med en kapasitet på rundt 75 seter begynne å komme ut på markedet, drevet av for eksempel elektrisitet og hydrogen (Fotokilde: Air France KLM)

KLM vinner pris for «Årets strategiske investering» innen bærekraft

(Foto: Jessica Claren)

20 kulinariske nyheter på svenskekysten

(Foto: Saudi Tourism Authority)

Reisetips: AIUla i Saudi-Arabia

Den nye ruteåbning vækker smil hos repræsentanter fra både airBaltic og Billund Lufthavn (Foto: Billund Airport)

airBaltic udvider i Billund Lufthavn med rute til Tallinn