logo-white

Fjord1 AS og Flåm AS dannar nytt fjordselskap

Fjord1 AS og Flåm AS vil stifte eit felles selskap som skal styrke fjordopplevinga for dei mange turistane som besøker Fjord-Norge. Bak selskapet står solid kompetanse innan både maritim næring og reiseliv

Fjordane er eit trekkplaster for turistar frå heile verda. No vil Fjord1 AS og Flåm AS styrke satsinga på fjordbasert reiseliv med fokus på fornying av materiell og produktutvikling. Det nye selskapet vil ha base i det sentrale Fjord-Norge.

– Vi er så heldig å ha verdas vakraste fjordar, som og er representert på UNESCO si verdsarvliste. Då er det viktig å tilby opplevingar som gir denne ramma eit godt og kvalitetsrikt innhald. Når gjestene kjem langvegsfrå for å oppleve fjordane, må vi sørge for eit dei får ei flott fjordoppleving som skapar begeistring. Her treng ein både produktutvikling og nytt materiell for å møta gjestane sine ynskjer, seier administrerande direktør Solrun Hjelleflat i Flåm AS

Reiselivet på fjorden har utvikla seg lite dei siste tiåra med relativt gammalt og umoderne materiell. Dette ynskjer partane å gjera noko med.

– Fjord1 AS er ein erfaren aktør i fjordbassenget som no ynskjer å rusta seg til ny satsing, seier driftsdirektør i Fjord1 AS, Stian Hårklau.

– Den maritime kompetansen har vi levert i mange år, men no ynskjer vi å satse meir heilhjarta på reiseliv der ein leverer ei oppleving og ikkje ei transportetappe. Her ser vi det mest høveleg å slå kreftene saman og danna eit felles selskap med Flåm AS, som gjennom nært samarbeid med Flåmsbana, har synt at dei har evne og kunnskap til å utvikle ei solid merkevare og eit godt reiselivsprodukt til dei besøkande”.

– Dette er ei viktig og langsiktig satsing for å gje ei betre totaloppleving til reiselivet, og ikkje minst ta med seg faktorar knytt til miljø og forvaltning som sentrale premissgjevarar for utviklinga, seier Stian Hårklau.

– I tillegg til bærekraftig utvikling må fartøya tilpassast det klima vi opererer i og leggja forholda til rette for ei god fjordoppleving uavhengig av årstid, skyt Solrun Hjelleflat inn.

Den komande tida vil styret i det nye selskapet, saman med ny leiar, forankre strategi og konkrete målsettinger for nyetableringa. Eigarane tek sikte på at selskapet vil vere operativt i byrjinga av januar 2015. Styra i dei to eigarselskapa vil ta endelig stilling til saka i midten av desember.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Radisson Hotel Group)

Nye Radisson Blu Scandinavia Hotel, København

(Fotokilder: VIVA Cruises/USN)

VIVA presenterer eksklusivt vintercruise langs den pittoreske Seinen

(Fotokilde: Norwegian Air Shuttle)

Norwegian starter “nissefly” fra London og München

(Foto: Jamaica Tourist Board)

Fem mindre kjente opplevelser langs Jamaicas sørkyst

Hele luftfartsindustrien står overfor en spennende og nødvendig transformasjon. Rundt 2035 vil såkalte nullutslippsfly med en kapasitet på rundt 75 seter begynne å komme ut på markedet, drevet av for eksempel elektrisitet og hydrogen (Fotokilde: Air France KLM)

KLM vinner pris for «Årets strategiske investering» innen bærekraft