Veksten i droneflyging held fram i juli

Interessa for ansvarleg droneflyging i Noreg viser ingen teikn til å flate ut. I juli vart det meldt inn 3.265 droneflygingar i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. 

– Dette er 50 prosent fleire flygingar enn i juli i fjor, seier Mats Gjertsen, leiar for droneprogrammet i Avinor. 

– Vi har no sett ein tydeleg vekst gjennom heile året, og juli-tala stadfestar at utviklinga held fram i same positive retning. Både godt sommarvêr og auka turisme har bidrege til aktiviteten. 

Så langt i år ligg talet for innmelde droneflygingar 30 prosent høgare enn på same tid i 2024. 

– Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly på ein trygg og synleg måte. Når vi får så mange innmelde flygingar midt i høgsesongen, viser det at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, seier Gjertsen. 

Les også: Fleire sommarreisande enn venta – rekorddag på Oslo lufthavn (august 2025)

Fleire tidligare nyhende finns HER