logo-white

Vekst i flytrafikken samla, men nedgang innanlands

Vel 3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på to prosent samanlikna med april i fjor. Passasjertala er likevel tolv prosent lågare enn i same månad i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Talet på flyrørsler i april i år ligg éin prosent lågare enn i april i fjor.

SAS, Widerøe og Norwegian på hovedflyplassen Oslo lufthavn Gardermoen (arkivbilde: ©otoerres)

– Det samla talet på reisande aukar i april samanlikna med april i fjor, men det var nedgang i talet på reisande innanlands. I fjor var det konkurranse også frå Flyr, så utviklinga innanlands er nok dels prega av den reduserte konkurransen vi ser i denne marknaden. Veksten i flytrafikken i april kjem dermed blant dei som flyg til utlandet – ein marknad med fleire aktørar og sterkare konkurranse, i tillegg til at Covid framleis begrensa marknaden på same tid i fjor, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Utviklinga utanlands er i tråd med prognosane våre, medan trafikken innanlands har utvikla seg noko svakare. Det er venta at flytrafikken vil ligge under 2019-nivå resten av året, men med ein klar topp i sommarmånadene, seier Skallerud Riise.

Flyrørsler

Det var 50.137 kommersielle flyrørsler i april 2023. Dette er ein prosent færre enn i april i fjor. Om ein samanliknar med april i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på fem prosent.

Flytrafikken utanlands aukar framleis

1,5 millionar passasjerar reiste mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i april. Trafikken utanlands har auka med 15 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og visse reiserestriksjonar.

Flytrafikken innanlands går tilbake for første gong i år

Bortimot 2,2 millionar passasjerar reiste innanlands i april. Så langt i år har flytrafikken auka, samanlikna med i fjor, men i april snudde denne utviklinga og det er ein nedgang på seks prosent mot same månad i 2022.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 14 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er ni prosent bak 2019.

Her er passasjertala i april frå dei store lufthamnene (Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger), samt DRL (dei regionale lufthamnene) samanlikna med 2022:

AprilHittil i år
Lufthamn20222023Endring20222023Endring
Oslo1 851 0001 942 0005 %5 293 0007 127 00035 %
Bergen484 000481 000-1 %1 507 0001 804 00020 %
Trondheim317 000309 000-3 %966 0001 208 00025 %
Stavanger292 000305 0005 %872 0001 148 00032 %
DSL sum2 943 0003 037 0003 %8 638 00011 288 00031 %
DRL sum752 000717 000-5 %2 477 0002 907 00017 %
Avinor sum3 696 0003 754 0002 %11 115 00014 194 00028 %

Samanlikna med 2019:

AprilHittil i år
Lufthamn20192023Endring20192023Endring
Oslo2 250 0001 942 000-14 %8 533 0007 127 000-16 %
Bergen498 000481 000-3 %1 874 0001 804 000-4 %
Trondheim333 000309 000-7 %1 350 0001 208 000-11 %
Stavanger332 000305 000-8 %1 301 0001 148 000-12 %
DSL sum3 414 0003 037 000-11 %13 059 00011 288 000-14 %
DRL sum847 000717 000-15 %3 422 0002 907 000-15 %
Avinor sum4 261 0003 754 000-12 %16 480 00014 194 000-14 %
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Boeing 787 Dreamliner - Norse Atlantic Airways

Norse introduces new route between London Gatwick and Cape Town

(foto: ©otoerres)

Vårens røde dager – slik får du maks ut av fridagene

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»