Siste nytt

Ferie og fritidsreiser
juni 10, 2026


Over 4,6 millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i mai. Det er ein auke på nær fire prosent samanlikna med same månad i fjor.
Veksten kjem særleg frå utanlandsreisande, som auka med over seks prosent, medan talet på reisande innanlands voks med rundt 2,5 prosent. Dette viser at etterspurnaden etter utanlandsreiser framleis bidreg mest til auken, samtidig som innanriksmarknaden er stabil. Den internasjonale uroa som også har gitt utslag i høge drivstoffprisar gir dermed ikkje utslag på trafikktala så langt i våre tal.
Fleire passasjerar – moderat auke i flyrørsler
Samtidig som talet på passasjerar aukar, er veksten i talet på flyrørsler meir moderat. I mai vart det registrert om lag 56 000 flyrørsler, ein auke på litt over to prosent samanlikna med same månad i fjor. Dette tyder på at flya i snitt har fleire passasjerar per avgang enn tidlegare.
Utanlandsreisande bidreg mest til veksten
Talet på utanlandsreisande auka med over 6 prosent, medan innanlandsreisande auka med rundt 2,5 prosent. Utviklinga heng saman med auka kapasitet og fleire tilgjengelege seter, særleg på utanlandsruter.

Stor vekst frå utlandet til Bergen lufthamn gir vidare vekst innanlands
Bergen lufthamn Flesland utmerkar seg i mai som ein av dei viktigaste vekstmotorane i Avinor-systemet. Over 647 000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er ein auke på om lag 18 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Veksten heng saman med fleire forhold. Det har vore ein betydeleg auke i kapasiteten, særleg på utanlandsruter, med fleire avgangar og fleire tilgjengelege seter. Samtidig ser vi at fleire flyselskap har hatt sterk utvikling på Flesland.
Utanlandsreisande peikar seg spesielt ut, men det er også ein solid auke i talet på innanlandsreisande.
– Det er fleire forhold som forklarer veksten vi ser i Bergen no. For det første har det vore ein tydeleg auke i kapasiteten, særleg på utanlandsrutene, med fleire avgangar og fleire tilgjengelege seter. Samtidig ser vi at fleire flyselskap har hatt sterk utvikling på Flesland, noko som gir eit direkte utslag i passasjertala, seier Helge Eidsnes, lufthavndirektør ved Bergen lufthamn, Flesland.
– Utanlandsreisande peikar seg spesielt ut, men vi har også ein solid utvikling innanlands. Dette gir eit breitt grunnlag for veksten. Fjoråret var prega av omfattande asfaltarbeid som påverka passasjertala i denne perioden. Samtidig ser vi at nivået no også ligg over det vi såg før dette, samanlikna med ein meir normal situasjon i 2024. Det tyder på at veksten ikkje berre kjem av eit lågare samanlikningsgrunnlag, men også av ein reell auke i talet på reisande, seier Helge Eidsnes.
Høgsesong for droneflyging – ikkje fly ulovleg
I mai vart 3206 droneplanar registrerte. Dette er ein 500 fleire enn i april, men ein nedgang på 7,6 prosent frå mai i fjor.
– No er det høgsesong for droneflyging. Hugs at det er forbod mot å fly i sonene kring lufthamnene, så eg vil oppmode alle om å fly drone berre der det er trygt og lovleg, samt å nytte Ninox Drone, seier Nikola Tufekcic, leiar for droner i Avinor.

Oppsummert mai 2026
For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – DESTINASJONER – DRONER – FLYPLASSAR – FLYTRAFIKK – NYE FLYRUTER – PASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE