logo-white

Trafikktal januar: Positiv auke i flytrafikken, men framleis under normalen

3 198 152 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Dette var ein aukepå 70 prosent samanlikna med januar 2022. Sjølv om det var ein auke i passasjertala samanlikna med januar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i januar i 2019.*

Passasjertallene ligger fortsatt under 2019-nivået på Avinors flyplasser (Foto: Avinor)

– Flytrafikken i januar har vore i tråd med prognosane våre frå i haust. Nivået på flytrafikken frå desember held fram inn i januar. Det er venta at også resten av året vil ligge under 2019-nivå, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Første kvartal i 2022 var prega av Omikron, som forklare kvifor trafikken i januar i år er mykje større enn han var i januar i fjor. Sjølv om utviklinga har vore stabil den siste tida, ber luftfarten framleis preg av krevjande verdsøkonomi og geopolitikk. Det er særskilt talet på utanlandsreisande som er med på å dra det totale trafikktalet for januar ned. Sjølv om utanlands-trafikken generelt er lågare, er det nokre marknader som utmerker seg positivt. I Tromsø er talet på utanlandspassasjerar tilbake på nivået frå 2019. Dette er grunna høg interesse for nordlys og arktiske opplevingar ute i verda, avsluttar Riise

Flyrørsler

Det var 53 143 kommersielle flyrørsler i januar 2023. Dette er ein auke på 18 prosent frå januar 2022. Om ein samanliknar med januar 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 12 prosent.

Trafikken utanlands

1 138 624 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i januar. Same månad i fjor reiste 568 687 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands er dobla samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er nedgangen i utanlandstrafikken på 20 prosent.

Trafikken innanlands

2 017 790 reiste innanlands i januar i år. Det er 59 prosent fleire enn i januar i fjor.

Samanlikna med januar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

*Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

Les også: 1.6 millioner passasjerer på Oslo lufthavn – Bergen-Flesland størst, mens Stavanger-Sola økte mest – Passasjertrafikken doblet på Avinors flyplasser

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen