Flytrafikken ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabil i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.

I april nytta 4 295 000 passasjerar Avinor sine lufthamner. Det er ein marginal auke samanlikna med same månad i fjor, og samla sett er trafikken uendra frå april 2025. Så langt i år har 16,2 millionar passasjerar reist via Avinor sine lufthamner, ein auke på tre prosent samanlikna med same periode i fjor.

Flyrørsler

I april var det totalt 52 838 kommersielle flyrørsler ved Avinor sine lufthamner, ein auke på éin prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken kjem særleg frå innanriks trafikk, der talet på flyrørsler gjekk opp med to prosent. Utanrikstrafikken hadde samstundes ein nedgang på tre prosent.

Så langt i år er aktivitetsnivået stabilt, med 197 768 kommersielle flyrørsler, om lag på same nivå som i 2025.

Variasjonar frå lufthamn til lufthamn

Oslo lufthamn hadde i april 2,18 millionar passasjerar, ein nedgang på éin prosent frå i fjor. Likevel er trafikken ved landets største lufthamn opp to prosent så langt i år. Bergen lufthamn Flesland peikar seg ut med seks prosent vekst i april, medan Stavanger lufthamn hadde ein svak auke på éin prosent.

Trondheim og Tromsø hadde noko lågare trafikk i april enn i fjor, medan trafikken ved dei regionale lufthamnene samla sett auka svakt. Totalt sett bidreg utviklinga ved fleire lufthamner til at Avinor har ein samla vekst i 2026, trass i noko variasjon frå månad til månad.

– Hovudbiletet er at mange framleis vel fly, og at etterspurnaden held seg oppe inn i vårmånadene trass i krigen i Midt-Austen og uroa for tilgang på flydrivstoff, seier Joachim Lupnaav Johnsen, konserndirektør kommersiell styring og utvikling.

AprilHittil i år
Lufthamn20252026Endring20252026Endring
Oslo2 209 0002 181 000-1 %7 863 0008 013 0002 %
Bergen543 000574 0006 %1 912 0001 995 0004 %
Trondheim342 000337 000-1 %1 283 0001 270 000-1 %
Stavanger321 000326 0001 %1 183 0001 200 0001 %
Sum DSL3 416 0003 419 0000 %12 240 00012 477 0002 %
Tromsø202 000192 000-5 %1 040 0001 128 0008 %
Andre DRL671 000684 0002 %2 460 0002 587 0005 %
Sum DRL873 000876 0000 %3 500 0003 715 0006 %
Avinor sum4 288 0004 295 0000 %15 740 00016 192 0003 %

– Fly drone trygt og lovleg

I april vart 2685 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på tre prosent frå april i fjor.

– No er det betre ver og lysare tider og det er fleire som flyg drone. Det er bra at mange vel å fly lovleg og registrere sine droneplanar. Samstundes er det framleis mange som flyr i forbudssonane kring lufthamnene, så eg vil oppmode alle om å fly drone berre der det er trygt og lovleg seier Nikola Tufekcic, leiar for droner i Avinor. 

For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – DESTINASJONER –  DRONER – FLYPLASSAR – FLYTRAFIKK – NYE FLYRUTER – PASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE