Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut nye konkurransar om drift av regionale flyruter i Noreg og helikopterruta Værøy–Bodø (FOT-ruter). Tilbodsfristen er 27. juni 2023. I dei nye avtalane vil maksimaltakstane på alle FOT-rutene halverast.
– Regjeringa følgjer med dette opp målet vårt i Hurdalsplattforma om lågare priser på kortbanenettet. Med dei nye avtalane vil folk og næringsliv i distrikta få betre tilgang til andre deler av landet og verden. Dette er bra for busetting og næringsliv, og for å skape vekst og utvikling i regionane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Samferdselsdepartementet forventar at lågare prisar vil føre til fleire reisande. Difor er setekapasitetskrava på rutene auka med i snitt 12 prosent. Fordelinga av kapasitetsauken mellom dei ulike ruteområda er basert på faglege vurderingar av prisfølsemd. Samstundes er det stor uvisse om kva effektane blir på etterspurnaden. I kontraktane er det difor opna for å gjere tilpassingar i løpet av avtaleperioden om det oppstår behov for det.
I utlysinga er det tatt inn nye krav til utsleppsrapportering. Samferdselsdepartementet vil i tillegg krevje at operatøren innan utløpet av første driftsår gjer greie for korleis ein kan vise forventa CO2-utslepp og moglegheit for kjøp av klimakompensasjon for reisa i bestillingsaugneblinken.
– I utlysinga oppfordrar vi også til å fase inn null- og lågutsleppsfly så snart det er teknisk mogleg, seier Nygård.
Andre endringar som vil gjelde med nye kontraktar, er nye rutetidskrav mellom Helgeland og Bodø for å betre tilgangen til regionsjukehuset i Tromsø. Det vil også vere krav til nattparkert fly på Røros lufthamn for å auke regulariteten på ruta, og krav til minst 15 sete i helikopteret på Værøy-ruta for å oppretthalde kvaliteten i rutetilbodet.
Sosial berekraft
Sosial berekraft er eit av dei sentrale tema i luftfartsstrategien som blei lansert tidlegare i år.
– Som varsla i meldinga, vil regjeringa bruke FOT-anskaffingane aktivt til å gjere gjeldande lover og regler knytt til lønns- og arbeidsvilkår tydelege, og til å bidra til at reglane vert overhaldne og handheva, seier Nygård.
Både konkurransedokumenta og kontraktane omtalar difor no reglane i arbeidsmiljølova og forskrift om utsende arbeidstakarar (utsendingsforskrifta) som gjeld for konkurransen, samt nye føresegn som klårgjer grensa mellom arbeidstakarar og oppdragstakarar. I tillegg varslast det om at allmenngjorde tariffavtalar vil gjelde for kontrakten dersom slike blir inngått medan kontrakten løper.
Samferdselsdepartementet styrkar også eigne moglegheiter til å be om informasjon frå kontraktsparten om forhold knytt til lønns- og arbeidsvilkår.
Kontraktskravet om å følgje ILO-konvensjonens art. nr. 87 og 98 (kollektive rettar og fagforeningsrettar) samt avgrensingane i bruk av innleige av fly med personell (wet lease), blir vidareført.
I kontraktane og konkurransegrunnlaget er det stilt krav om at operatøren skal syte for å innhente synspunkt frå aktuelle fylkeskommunar og kommunar, samt lufthamnoperatør, i fastsettelsen av første ruteprogram og ved større endringar undervegs i kontraktsperioden.
Nye konkurransar
Alle ruteområda i inneverande avtaler blir vidareført som FOT-ruter i denne utlysinga. I tillegg er to nye ruter inkludert: flyruta Kirkenes–Tromsø og flyruta Stord–Oslo.
Kirkenes–Tromsø er ei viktig brikke i ei omlegging av rutestrukturen i Aust-Finnmark, der målet er betre tilgang til Tromsø og hovudstaden for befolkninga i Aust-Finnmark. Omlegginga, som har lokal forankring, inneber færre direkteruter og fleire korrespondansekrav. Flyruta Stord–Oslo er tatt inn fordi det kommersielle tilbodet på strekninga har vore svekka etter pandemien.
Konkurransane omfattar følgjande ruteområde:
Perioden 1. april 2024 – 31. oktober 2028
- Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest, Alta og Tromsø.
- Hasvik–Tromsø v.v., Hasvik–Hammerfest v.v. og Sørkjosen–Tromsø v.v.
- Lakselv–Tromsø v.v.
- Andenes–Bodø v.v., Andenes–Tromsø v.v.
- Harstad/Narvik–Bodø v.v., Harstad/Narvik–Tromsø v.v.
- Stokmarknes–Bodø v.v., Stokmarknes–Tromsø v.v.
- Svolvær–Bodø v.v.
- Leknes–Bodø v.v.
- Røst–Bodø v.v.
- Brønnøysund–Bodø, Brønnøysund–Trondheim v.v.
- Sandnessjøen–Bodø, Sandnessjøen–Trondheim v.v.
- Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim v.v.
- Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim v.v.
- Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim v.v.
Perioden 1. april 2024 – 31. oktober 2027
- Røros–Oslo v.v.
- Florø–Oslo v.v.
- Stord–Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Oslo v.v.
- Førde–Oslo v.v.
- Sogndal–Oslo v.v.
- Sandane–Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Bergen v.v.
- Sogndal–Bergen v.v.
- Sandane–Bergen v.v.
Perioden 1. august 2023 – 31. oktober 2028
Helikopterruta Værøy–Bodø v.v.