logo-white

Ny bok: “Norwegerstrasse” av Jørgen Norheim og Alexander Häusser. Ei reiseskildring med utgangspunkt i gatenamn i Berlin

På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Strasse, Nansenstrasse og Frithjofstrasse, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.

Jørgen Norheim og Alexander Häusser - Forfattere - Norwegerstrasse - Samlaget
Forfatterne Jørgen Norheim og Alexander Häusser (Foto: Eili Bråstad Johannessen)

På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten og ei reise tilbake til ungdomstida.

Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit.

Norwegerstrasse er både ei reiseskildring og ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.

Jørgen Norheim (f. 1952) har sidan debuten i 1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen og Ingen er så trygg i fare (2002) blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre. 

Alexander Häusser (f. 1960) er frå Reutlingen og bur i Hamburg. Han har studert germanistikk og filosofi og har gitt ut fleire bøker. 

Flere relaterte saker finner du HER, HER, HER og HER

Norwegerstrasse - Bokforside - Samlaget
Norwegerstrasse av Jørgen Norheim og Alexander Häusser (Bildekilde: samlaget.no)
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!