Når heile Noreg reiser på hytta i påska, blir mange expats sitjande att i tomme byar. No inviterer tech-gründeren Kyle, frå California, til ei alternativ påske i fjella på Voss, og startar samstundes eit nytt internasjonalt fellesskap gjennom Arctic Coliving.

Ordet påske gir dei fleste ei varm kjensle og sterke bilete av hyttekos, appelsin i solveggen og tid saman med familie. Men for andre er påske noko heilt anna: ein tom by, inga hytte og ingen stad å dra.
I vakuumet av eit godt alternativ, vil Kyle McClenahan frå California, forsøka å byggja eit fellesskap i fjella på Voss.
Kyle er ein av dei som opplevde at det vart for langt å reisa heim i dei korte feriane, som påska. Samstundes kjende han på eit sterkt ynske om å ta del i dei norske påsketradisjonane og om å skapa ein inkluderande stad der fleire i same situasjon kunne få same moglegheit.

– From lived experience, I feel strongly about using Arctic Coliving as a platform to connect people. Connections during Easter is an essential part of Norwegian culture that is not accessible to everyone. We want to make an authentic Easter available for everybody.” – Kyle McClenahan

– Konseptet harmonerer godt med historia til Voss Mountain Lodge på Mjølfjell. Herberget vart opphavleg bygd som eit fredsprosjekt i 1939, av studentar frå 20 ulike nasjonar. At det no igjen vert samla menneske frå heile verda her med eit ynske om å byggja fysiske og meiningsfulle fellesskap – gir staden ei ny og aktuell betydning, seier Crister Aalberg Næss leiar i Visit Voss.
Les meir om Voss Mountain Lodge (Det tidlegare Ungdomsherberget på Mjølfjell) HER
For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjane: NOREGSFERIE – PÅSKEFERIE – UNGDOMSHERBERGE – VOSS
Meir om Arctic Coliving:
Arctic Coliving er ein møteplass for menneske som ønskjer å kombinera arbeid, naturopplevingar og sosialt fellesskap. Konseptet legg til rette for lengre opphald der ein kan arbeida frå godt tilrettelagde arbeidsstasjonar med stabilt og sterkt internett på dagtid – og dela måltid, turar og aktivitetar på ettermiddag og kveld. Målet er å skapa ei fysisk plattform for samarbeid og nye relasjonar, på tvers av land og fagmiljø.
Her står fjella, naturen og fellesskapet i sentrum. Det handlar om opplevingar i den verkelege verda – om å møtast ansikt til ansikt og finna rom for refleksjon utanfor skjermen.
Nettstaden til Arctic Coliving finns HER