Siste nytt
september 27, 2026

Destinasjoner
september 26, 2026
Jølstraholmen, som ligg i Jølster i Sunnfjord, tek no eit stort steg vidare frå å vere ei gøymd perle til å bli ein komplett opplevingsdestinasjon. Med ei investering på over 20 millionar kroner skal området utviklast til eit høgkvalitets reisemål med elvasuiter, grindsuiter i den gamle låven, rom i naturen, restaurant, lobby, bar, aktivitetssenter, velværeområde og ein samlande møteplass for eventyrlystne gjestar frå heile verda.
– Vi ønskjer å skape ein stad folk reiser til for å besøke når dei vil oppleve den vakre plassen vi held til på, og ikkje berre stoppar innom, seier Kristine Hjelmbrekke som er eigar av Jølstraholmen.
– Utvidinga gir oss moglegheit til å løfte heile gjesteopplevinga, samtidig som vi beheld det ekte og naturbaserte som Jølstraholmen er kjend for, legg Tore Karlsen til. Han er er ansvarleg for markedsføring og teknisk drift av Jølstraholmen
Restauranten, som tek opp til 100 personar er ope kvar dag gjennom sommarsesongen, og Kristine og Tore håpa den vert nytta av både turister og lokalbefolkningen.
– Restauranten vil ha ein tre retters set meny kvar dag gjennom sommarsesongen klokka 19.00 Ein må hugse å bestille bord dagen før, seier Kristine.
I tillegg til middag vil det også vere mogleg å ete frukost og lunsj. Frukosten må dog tinges dagen før.
Restauranten er eit flott lokale som kan nyttast til arrangement som konfirmasjon, bryllaup eller bedriftssamlinger.
– Vi har tre møterom, som også kan nyttes som privat middagsselskap, i tillegg til aktivitetsrom med shuffleboard, dart og andre spel. Vi har også eige bar og resepsjon med turistinformasjon, så gjester vil bli godt ivaretatt, seier Kristine.
Eit nytt kraftsentrum for ujåla luksus, velvære og naturopplevingar
Utvidinga omfattar:
Frå mellomstopp til hovudmål
Jølstraholmen ønskjer å bli ein destinasjon i seg sjølv – eit reisemål der natur, arkitektur, opplevingar og komfort smeltar saman. Med kort avstand til Bringeland lufthamn (Førde lufthavn) og den spektakulære vestlandsnaturen som bakteppe, kan gjestar oppleve alt frå fjellturar i alle nivå, sykkelturar, kajakk, kano, sup, toppturar, golfing og skisenter til avslapping og yoga ved elvebreidda.
Opning og booking
.
HER kan du lese meir om Jøstraholmen Landskapshotell, om bygda Jøster HER, om Astruptunet HER og om Sunnfjord HER
Fleire relaterte nyhende finns HER