
Framleis vekst i utanlandsreisande, nedgang innanlands

4,8 millionar reisande nytta alle Avinor sine lufthamner i august. Dette er ein auke på tri prosent samanlikna med august i fjor.

Trenden held fram
– Vi ventar at auka i utanlandske turistar vil halde fram i åra som kjem. Denne utviklinga har vi sett ein god stund nå, og våre prognosar viser at denne utviklinga vil vare ved. Sjølv om tala og inneheld norske reisande til utlandet, er veksten i hovudsak driven av utanlandske turistar, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Passasjertal og flyrørsler
2 470 278 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er ein prosent færre enn i august i fjor. Talet på reisande utanlands var 2 259 174, noko som er åtte prosent høgare enn august førre året.
Passasjertal for dei fire største lufthamnene i august 2024:
- Oslo 2.525.000 – pluss 3 %
- Bergen 636.000 – pluss 3%
- Stavanger 358.000 pluss 1 %
- Trondheim 341.000 – minus 3 %
Det var 54 595 kommersielle flyrørsler i august, tri prosent færre enn i august i fjor.
Les også: Talet på bruk av Ninox Drone er dobla på eit år
Fleire relaterte nyhende finns HER











