Flying start på 2025 – ni prosent fleire reisande i januar

3,5 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Dette er ein auke på ni prosent samanlikna med januar i 2024. Størst er auken blant utanlandsreisande der talet på reisande gjekk opp med 13 prosent. Talet på innanlandsreisande er seks prosent høgare enn i januar i fjor.

Emirates Boeing 777 tar av fra Oslo lufthavn, Gardermoen (Foto: Catchlight/Avinor)

– Inngangen på året har vist sterk utvikling, der talet på utanlandsreiser er hovuddrivaren. Veksten i talet på utanlandsreisande er prega av den sterke auken i turisme til Noreg som vinterdestinasjon. Noreg stikk seg stadig meir ut som ein attraktiv destinasjon i den internasjonale konkurransen om vinterturismen, forklarer Gaute Skallerud Riise.

Christian Lunde i VisitOSLO har óg tal frå Osloregionen som stadfester utviklinga: 

– Vi har i 2024 opplevd ei overraskande interesse, og vekst, frå den internasjonale marknaden. Noreg har blitt sett på kartet gjennom alt frå nordlysturisme til spannande byar å gjeste. I 2024 har Oslo ein vekst på 15 prosent fleire utanlandske overnattingar, og 40 prosent av all overnatting var internasjonal. Berre i årets siste månader har den internasjonale veksten vore høvesvis 28 prosent i oktober, 34 prosent i november og 26 prosent i desember for Osloregionen samanlikna med 2023.

– Vi opplever at vinterturisme til Oslo og Noreg er ein trend som vil forsterke seg. Fleire direkteruter og eit opplevd «eksotisk» klima er viktige drivkrefter, i tillegg til høg kvalitet i heile besøksnæringa, seier Christian Lunde, administrerande direktør i VisitOSLO

Fullare fly og meire frakt

Det var 47.289 flyrørsler i januar. Det er om lag tre tusen fleire enn i januar i 2024, og ein auke på seks prosent.

På same tid auka talet på passasjerar med ni prosent.

– Dette fører til auka fyllingsgrad på flya, og er positivt for utnytting  av flykapasiteten i den norske marknaden, held Gaute Skallerud Riise fram.

– I 2024 auka frakt på innkommande langdistanse-passasjerfly med heile 71 prosent. Utviklinga med meir frakt held óg fram i januar. På Oslo lufthamn var det ein auke på fem prosent i januar, samanlikna med januar i 2024.  Ein viktig drivar for utviklinga det siste året har vore auke i innkomande frakt på internasjonale passasjerfly. Dette bidreg til betre økonomi for flyselskapa på Oslo lufthamn,  samt betre utnytting av kapasiteten i marknaden., avsluttar Gaute Skallerud Riise.

Størst vekst for dei mindre

Det er dei regionale lufthamnene (DRL)  som hadde størst prosentvis samla vekst i  januar, med ein auke på heile 17 prosent.  

Dei store lufthamnene (Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger) auka óg, men for dei er den samla passasjervekst på sju prosent i januar samanlikna med januar i fjor.

JanuarHittil i år
Lufthamn20242025Endring20242025Endring
Oslo1 594 0001 745 0009 %1 594 0001 745 0009 %
Bergen418 000431 0003 %418 000431 0003 %
Trondheim272 000284 0005 %272 000284 0005 %
Stavanger270 000270 0000 %270 000270 0000 %
DSL sum2 554 0002 730 0007 %2 554 0002 730 0007 %
Tromsø215 000272 00026 %215 000272 00026 %
DSL andre488 000548 00012 %488 000548 00012 %
DRL sum703 000820 00017 %703 000820 00017 %
Avinor sum3 257 0003 550 0009 %3 257 0003 550 0009 %

50 prosent meir droneflyging i januar

I januar vart det meldt inn 1456 flygingar med drone i Ninox Drone

– Dette er ein auke på meir enn 50 prosent samanlikna med januar 2024, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor. -Dette er høge tal i ein månad med generelt lågare droneaktivitet, og er teikn på tydeleg økta bruk av dronar i Noreg, seier Gjertsen.