
Fleire reisande frå utlandet i april

4,3 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på tre prosent samanlikna med april i 2024.

Talet på utanlandsreisande veks framleis kraftig. Samla for alle Avinor sine lufthamner har det vore elleve prosent auke i talet på utanlandsreisande i april. Så langt i år har det vore åtte prosent auke.
Innanlands er det éin prosent færre reisande, om ein berre ser på april, men så langt i år har det vore vekst på fire prosent.
– April vart prega av at påska i år fall på denne månaden, mot mars i fjor. Dette påverkar talet på utanlandsreisande positivt og innanlandstrafikken negativt, isolert sett, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
– Ser ein på første tertial (januar – april) som gir eit betre perspektiv på utviklinga, ser ein at den positive trenden med ein voksande utanlandsmarknad held fram. Det er tilreisande til Noreg som er den sentrale drivkrafta bak denne auken. Det er òg positiv utvikling innanlands. Samla ser vi ein vekst på heile fem prosent i perioden januar til og med april, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 52.458 kommersielle flyrørsler i april. Dette er tre prosent færre enn i april i 2024, men så langt i år er det ein auke i flyrørsler på to prosent.
Store skilnader mellom lufthamnene
Det er tre prosent fleire reisande i april i år samanlikna med i fjor på alle Avinor sine lufthamner. Dei fire største (DSL= Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger) aukar også med til saman tre prosent.
Dei regionale lufthamnene (DRL =resten av lufthamnene) har ein samla auke på seks prosent i april. Tromsø aukar med heile 14 prosent samanlikna med april førre året.
Her er tal for dei store, og samla for dei mindre lufthamnene:
| April | Hittil i år | |||||
| Lufthamn | 2024 | 2025 | Endring | 2024 | 2025 | Endring |
| Oslo | 2 123 000 | 2 209 000 | 4 % | 7 499 000 | 7 863 000 | 5 % |
| Bergen | 527 000 | 543 000 | 3 % | 1 870 000 | 1 912 000 | 2 % |
| Trondheim | 346 000 | 342 000 | -1 % | 1 236 000 | 1 283 000 | 4 % |
| Stavanger | 328 000 | 321 000 | -2 % | 1 185 000 | 1 183 000 | 0 % |
| DSL sum | 3 324 000 | 3 416 000 | 3 % | 11 790 000 | 12 241 000 | 4 % |
| Tromsø | 178 000 | 202 000 | 14 % | 878 000 | 1 040 000 | 18 % |
| DRL andre | 646 000 | 670 000 | 4 % | 2 287 000 | 2 458 000 | 7 % |
| DRL sum | 824 000 | 872 000 | 6 % | 3 165 000 | 3 498 000 | 11 % |
| Avinor sum | 4 148 000 | 4 288 0 00 | 3 % | 14 954 000 | 15 738 000 | 5 % |
Auke i frakt
Også når det gjeld frakt held auken fram, med 18 prosent vekst i april samanlikna med april i fjor.











