logo-white

Fjord1 AS skal drive fergesambandet Lavik-Oppedal

Fjord 1 AS er tildelt kontrakten for drift av riksvegferjesambandet E39 Lavik-Oppedal for perioden 2026-2034.

Fjord1 skal drifta Lavik-Oppedal frå 2026-2034 (Foto: Statens vegvesen)

Statens vegvesen kunngjer no resultatet i konkurransen der tre rederi var med i siste del.

Fjord1 vart tildelt anbodet fordi rederiet hadde den beste kombinasjonen av pris og kvalitet i sitt tilbod. I tildelinga vart prisen vekta med 60 prosent, automatisering med 30 prosent og gjennomføringsevne med 10 prosent.

Slik var tilboda

Tilboda vart rangert på følgande måte:

RangeringTilbydarTotal poengsumTilbodspris
1Fjord 1 AS95,892.754.309.658
2Torghatten Midt AS89,713.180.174.664
3Norled AS61,724.139.304.064

Betre tilbod enn i dag

Kontrakten gjeld for perioden 01.09.2026-31.08.2034, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.

Sambandet skal driftast med fire nye nullutsleppsfartøy på 120 PBE (personbileiningar) og vil få 15 minutts frekvens på kvardagar og søndagar. Dette er ei forbetring samanlikna med i dag, kor det er tre fartøy og 20 minutts frekvens.

Auka automatisering

Kontrakten inkluderer utvikling av automatiserte løysingar for alle dei fire fartøya frå og med 2027 og ut perioden.

Prosjektet vert rekna som eit nytt steg i retning av auka automatisering innan maritim sektor. Overføringsverdi til andre delar av sjøfartsnæringa kan på sikt vera stor.

Statens vegvesen vil takka deltakande rederi og deira underleverandørar for god innsats og gode resultat gjennom anskaffingsperioden, som har vore gjennomført som konkurranseprega dialog.

Fleire relaterte nyhende finner du HER, HER, HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!