
E134 Etne: Kolonnekøyring fra fredag 20. mars klokka 15.00

Frå fredag 20. mars klokka 15.00 sett Statens vegvesen opp kolonne for passering av skredstaden på E134 i Fjæra.

Slik blir kolonnekøyringa:
For køyretøy opp til 3,5 tonn, blir det kontinuerleg kolonnekøyring i ei retning om gongen, via kommunal veg.
For køyretøy over 3,5 tonn blir det kolonnekøyring på E134 annankvar time i arbeidstida 07.00-19.00, i ei retning om gongen.
Frå klokka 19.00-07.00 blir det kontinuerleg kolonne på E134.
– Reparasjon og sikringsarbeid er framleis krevjande, og vi jobbar så raskt vi kan i 12 timars skift kvar dag, klokka 07.00-19.00. Det er store skadar på vegen, og vi kan ikkje gå på akkord med sikkerheita, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen.
Les også: E134 Etne: Opnar ikkje før neste veke (mars 2026) – Fjordvegen Rv13 krev auka tryggleik og standardheving (mars 2026)
For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: B2B – INFRASTRUKTUR – NASJONALE TURISVEGAR – SAMFERDSLE – TRAFIKKSIKKERHET











