
Avinor: Svak auke i talet på passasjerar

Fire millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i november. Dette er ein auke på 1,5 prosent samanlikna med november i fjor. Hittil i år har talet på reisande auka med 3,3 prosent.

Avinor hadde 2,5 millionar innanlandsreisande i november. Desse utgjorde ein vekst på 0,7 prosent samanlikna med november i fjor. Så langt i år er veksten 2,9 prosent.
Utanlandstrafikken utgjorde 1,5 millionar passasjerar i november, ein auke på 2,6 prosent frå november i fjor. Så langt i år er auken 3,7 prosent.
| Topp fem destinasjonar: Utland | Topp fem flyselskap* |
| Danmark | SAS |
| Spania og Kanariøyene | Norwegian |
| Storbritannia | Widerøe |
| Nederland | KLM |
| Polen | WizzAir |
*Basert på totale passasjertal hos flyselskapa som opererar ved Avinor sine lufthamner
Moderat vekst i flyrørsler
Når det gjeld talet på flyrørsler, vart det registrert 50.000 kommersielle flyrørsler i november – det er same tal som i fjor. Totalt har det vore 584 000 flyrørsler så langt i år. Det er ein auke på 1,9 prosent samanlikna med året før.
– November er tradisjonelt ein roleg månad i luftfarten, men tala viser likevel ei positiv utvikling. Internasjonal trafikk held fram med å trekke opp med 2,6 prosent vekst, medan innanlandstrafikken held seg stabil, fortel Gaute R. Skallerud.
– Dei mindre lufthamnene veks mest, drive av turisme og lågare billettprisar på FOT-rutene, med ei samla vekst på tri prosent, mot ein prosent på dei fire største.
Passasjertal: store lufthamner
| November | Hittil i år |
| Lufthamn | 2024 | 2025 | Endring | 2024 | 2025 | Endring |
| Oslo | 1 970 000 | 2 003 000 | 2 % | 24 554 000 | 25 147 000 | 2 % |
| Bergen | 503 000 | 502 000 | 0 % | 6 088 000 | 6 224 000 | 2 % |
| Trondheim | 337 000 | 335 000 | -1 % | 3 753 000 | 3 820 000 | 2 % |
| Stavanger | 317 000 | 319 000 | 0 % | 3 690 000 | 3 685 000 | 0 % |
| *DSL sum | 3 128 000 | 3 158 000 | 1 % | 38 048 000 | 38 875 000 | 2 % |
*DSL = Dei store lufthamnene
Dronetal for november:
– Det er ein auke i talet på droneflyving på 15 prosent samanlikna med november 2024, seier NikolaTufekcic, leier for ubemanna luftfart i Avinor.
– Sjølv i ein månad med meir vêr og kuldeperiodar i Noreg som påverkar droneflyging, er dette høge tal som stadfestar at dronebruken auka også i vintermånadene.
Tall for november: 1985 flygingar
Samanlikna med november 2024: + 15%
I år samanlikna med i fjor: + 30%
For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – FLYPASSASJERAR – LUFTHAMNER – PASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE









