logo-white

Ny båtrute mellom Ålesund og Øye: Fjord Cruise Hjørundfjord startar 01.juni

Turismen i Noreg er i full vekst, og det er gjerne fjordane turistane ynskjer å oppleve. I Hjørundfjorden får ein oppleve spektakulært fjordlandskap og dei mektige Sunnmørsalpane.

Passasjerbåten Fjord Molde (Bildekilde: Flåm AS)

– Denne ruta vil gje gjestene våre mogelegheita til på oppleve det ypperste av norsk natur, seier dagleg leiar for The Fjords, Rolf Sandvik.

Den nye passasjerruta mellom Ålesund og Øye startar opp 01.juni. Fjord Cruise Hjørundfjord er eit viktig tilskot for å enklare kunne frakte turistar mellom Geiranger og Ålesund. Ruta vil ha tre avgongar per dag, og er i drift fram til 31.august.

Ruta vil også ha stopp på Trandal, eitt av fleire gode utgangspunkt for naturskjønne fjellturar. Passasjerbåten som skal frakte gjestane heiter Fjord Molde og tek 97 passasjerar.

Den 1.juni kl. 08:30 vert dei fyrste passasjerane frakta frå Ålesund til Øye, og ein håpar å sjå både tilreisande så vel som dei lokale nytte seg av det nye tilbodet.

Les også: Eventyrlige Sagafjord Hotel i Hjørundfjorden bliver BW Premier Collection

Les meir om Ålesund HER, om Hjørundfjorden HER og om Geiranger HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Jamaica Tourist Board)

Fem mindre kjente opplevelser langs Jamaicas sørkyst

Hele luftfartsindustrien står overfor en spennende og nødvendig transformasjon. Rundt 2035 vil såkalte nullutslippsfly med en kapasitet på rundt 75 seter begynne å komme ut på markedet, drevet av for eksempel elektrisitet og hydrogen (Fotokilde: Air France KLM)

KLM vinner pris for «Årets strategiske investering» innen bærekraft

(Foto: Jessica Claren)

20 kulinariske nyheter på svenskekysten

(Foto: Saudi Tourism Authority)

Reisetips: AIUla i Saudi-Arabia

Den nye ruteåbning vækker smil hos repræsentanter fra både airBaltic og Billund Lufthavn (Foto: Billund Airport)

airBaltic udvider i Billund Lufthavn med rute til Tallinn