logo-white

Passasjertala for november – framleis motvind i luftfarten

3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i november. Det er ein auke på tre prosent frå fjoråret og ni prosent færre enn i førre normalår, 2019.

Totalt 1.861.761 passasjerer reiste over Oslo lufthavn (bildet) i november. Det er tre prosent flere enn samme måned i fjor. For de andre store lufthavnene var tallene: Bergen 498.108, pluss én prosent, Trondheim 336.303 som i november 2022 og Stavanger 325.067, pluss fire prosent (Foto: Avinor)

– Det er utanlandsreisande som driv utviklinga med ein auke på seks prosent, medan innanlandstrafikken har hatt ei svak utvikling gjennom året og har auka med 1 prosent mot 2022, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor. 

– For utanlandsmarknaden er det store skilnader mellom flyplassane, kor Tromsø for tida trekker mykje merksemd internasjonalt og har hatt ei sterk utvikling inn i vintersesongen. Det er knytt til ei stor interesse blant turistar for nordlys og den arktiske opplevinga – det har ført til fleire direkteruter til Tromsø denne vinteren. I november er talet på utanlandsreisande ved flyplassen om lag det dobbelte samanlikna med same månad i 2019, fortsett Riise. 

Talet på flyrørsler er fem prosent lågare enn i november 2022, og 11 prosent lågare enn i november 2019. 

– Talet på flyrørsler gjekk ned med fem prosent, drive av nedgangen på sju prosent i innlandstrafikken. Flyselskapa har redusert talet på flygingar i takt med ein svakare marknad. Samstundes opererer ikkje flyselskapet Flyr lenger i marknaden. Resultatet er at innanlandsmarknaden dei siste månadene har vore prega av den høgaste fyllingsgraden på lenge, talet på passasjerar fordelt på talet på tilgjengelege seter, avsluttar Riise. 

Passasjertal 

2 429 918 passasjerar reiste innanlands i november. Det er ein prosent fleire enn i same månad i fjor, og seks prosent færre enn i november 2019. 

Med 1 313 779 utanlandsreisande i november, auka trafikken til og frå utlandet med 6 prosent i november 2023 samanlikna med november 2022. Det er framleis 15 prosent færre enn same månad i 2019. 

Hittil i 2023 har 18 prosent fleire enn i 2022 reist til eller frå utlandet over Avinors lufthamner. 

Flyrørsler 

Det var 50 655 kommersielle flyrørsler i november. Det er fem prosent færre enn i november førre året. Samanlikna med november 2019 var det 11 prosent færre flyrørsler i november i 2023. 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg åtte prosent bak 2019-tala.

100 prosent auke i droneflygingar 

I november vart det meldt inn 1393 flygingar med drone i Ninox Drone – Avinor sitt system for handtering av dronar. 

– Dette er ein auke på heile 62 prosent samanlikna med november 2022, seier Axel Knutsen som leiar droneprogrammet til Avinor.  

– Så langt i år er auken 100 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tall, spesielt med tanke på at det har vore mykje vær, haust og vinter i store deler av landet. 

Fleire nyhende om Avinor finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

I Whistler er det mer enn 200 kilometer med velpreparerte skiløyper. Området er spesielt kjent for sin unike puddersnø. Her er det mulighet for å teste ut heliskiing eller hva med en tur med hundeslede ala Lars Monsen? (Foto: TUI)

TUI frister med skiferier i verdensberømte canadiske skianlegg

Joost Klein til Oslo !

Luftfart i Norge kan være krevende. Her er går et fly fra Widerøe inn for landing i Svolvær, Lofoten (Foto: Tomas Rolland / UiT)

Pilotutdanninga på Bardufoss reddet

Glasshusene i Dalsland tilbyr en unik overnatting i naturen. (Foto: Copenhagen Wilderness)

Tips til årets fridager: Ni kortreiste perler rett over grensa

(foto: ©medialife.be /visit flanders)

Naturskjønne opplevelser i Zwin-regionen