logo-white

Nye Ulriken tunnel opna

– Nye Ulriken tunnel er det største utbyggingsprosjektet på jernbanen i Bergensområdet sidan gamle Ulriken tunnel blei tatt i bruk i 1964. Eg vil gratulere Bane NOR, entreprenørar og underleverandørar med eit godt gjennomført prosjekt. Men den nye tunnelen er sjølvsagt viktigast for passasjerar og vareeigarar som no kan bruke topp moderne infrastruktur, seier statsminister Erna Solberg.

Nye Ulriken Tunnel - Bergen - Arna - Åpnet 2020
Nye Ulriken tunnel er åpnet for togtrafikk (Foto: Trond Tollefsen, Bane NOR)

Den 7,8 kilometer lange nye tunnelen mellom Arna og Fløen er det største utbyggingsprosjektet på jernbanen utanfor Austlandsområdet på mange år.

– Gamle Ulriken tunnel mellom Arna og Fløen er Nord-Europas mest trafikkerte einspora jernbanetunnel. Kapasiteten er difor sprengt, slik at behovet for eit nytt tunnelløp er stort. Nye Ulriken tunnel har òg pløgt ny mark. For første gang har tunnelboring blitt brukt til å drive ein jernbanetunnel i Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Fleire tiltak skal styrkje togtransporten i vest 
Person- og godstogoperatørar må vente med å ta ut full effekt av dobbeltsporet gjennom Ulriken. Det er naudsynt å rehabilitere den gamle tunnelen frå 1964, og dette arbeidet startar no som det nye tunnelløpet er opna for trafikk.

Fleire tiltak i jernbaneinfrastrukturen i Bergensområdet skal bidra til å styrkje person- og godstogas konkurranseevne på Vestlandet. Moderniseringa av Arna stasjon er allereie i gang. Andre stasjonar på Vossebanen skal òg bli fornya for å handtere meir trafikk, seier samferdselsministeren.  

Mellom Fløen og Bergen skal det bli bygd dobbeltspor, slik at det blir samanhengande dobbeltspor mellom Bergen og Arna. I tillegg kjem Nygårdstangen godsterminal i Bergen til å bli oppgradert, slik at terminalen kan handtere meir gods.   

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Kvitnes Gård ligger i Vesterålen   (Foto: Eivind H. Natvig/Institute)

Har millioner – leter etter reiselivets beste nyskapingsprosjekter

(Foto: Apollo Sports/Surfakademin)

Apollo Sports inngår samarbeid med Surfakademin

MS Maud, her ved Senja,  skifter i høst navn til MS Midnatsol og det tradisjonsrike navnet blir igjen å se langs kysten fra november i år (Foto: Tommy Simonsen / Hurtigruten)

Tradisjonsrike MS Midnatsol tilbake langs kysten fra november

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia