31 prosent auke på Stord lufthamn

Den positive trafikkutviklinga på Stord lufthamn held fram og talet på reisande er stadig aukande. Pr. utgongen av september har det reist 27.818 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor er dette ein auke på 6.556 personar eller 30,8%.
Grunna stor etterspurdnad etter flyseter på Osloruta sette DAT i september opp ein ekstra rundtur på søndagar.
Kværner Stord har no ute eit anbod på charterflyging frå Stord til Molde i samband med Ormen Lange prosjektet på Aukra. Flyginga startar opp i desember i år og vil truleg halda fram i ca. eit år.
Lufthamnadministrasjonen har som mål å nå 37.000 reisande over lufthamna i 2014












