4,15 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med april i fjor. 

Totalt 2.123.345 passasjerar reiste over Oslo lufthamn i april. Det er ein auke på ni prosent samanlikna med same månad i fjor. For dei andre store lufthamnene var tala desse: Bergen 526.947 (+ 8%), Trondheim 526.947 (+ 13%) og Stavanger 328.343 (+ 8%) (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Det er særleg talet på innanlandsreisande som aukar, med 14 prosent. Talet på utanlandsreisande auka også, med fem prosent. Samla er totaltrafikken i tråd med prognosane for året.

– Bakgrunnen for den kraftige veksten på innland i april og den noko lågare veksten på utland, er knytt til at påska i fjor fall i april. Påska er ein periode med få reiser innanlands og auke blant utanlandsreisande, fortel Gate Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor. 

Riise legg vidare til at utviklinga i fraktmarknaden held fram med styrke, og det blir transportert betydeleg meir gods over Oslo lufthamn enn vi såg i same periode i fjor:

– For april er voluma opp med 22 prosent, eller heile 15 143 tonn, medan det så langt i år er ein oppgang på 15 prosent og 59 755 tonn. Dette er i tråd med vår strategi om å trekke meir fraktvolum over våre lufthamner for å styrke tilgjengelegheita til den norske marknaden for gods og passasjerar, framfor at gods blir floge inn og ut frå andre stader i Europa for så å sendast på lastebil til og frå Noreg. 

– Sommarprogramma til flyselskapa kom i gang i overgangen mars til april, og voluma aukar dermed også betydeleg når vi går inn i ein travel sesong for reiselivet. Vi merkar oss at flyselskapa forventar høg etterspurnad inn i sommaren, og Avinor skal sørge for at avviklinga ved våre lufthamner går bra, slik at dei reisande får ei god oppleving på flyplassen, avsluttar Riise. 

Passasjertal og flyrørsler i april

  • 2,5 millionar passasjerar reiste innanlands i april, ein auke på 14 prosent frå april i fjor.  
  • Talet på reisande utanlands var 1,6 millionar, ein auke på fem prosent frå i fjor. Samanlagt er det 10 prosent fleire reisande enn i april i fjor. 
  • Det var 62 675 flyrørsler i april. Dette er seks prosent meir enn i april i fjor.