logo-white

Regjeringa prioriterer oppstart av E134 Røldal – Seljestad

– Målet med prosjektet er å auke framkome, sikkerheita og sørge for at ein kan rekne med vegen mellom Røldal og Seljestad for transport, også på vinteren. Denne strekninga er viktig for å knytte Austlandet og Vestlandet saman, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Jon-Ivar Nygård - Statsråd - Politiker - AP
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. (Foto: Jakob Vorren/SD)

E134 er ei av hovudfartsårene mellom aust og vest i Norge. Vegen over Haukelifjellet, frå Vågsli i Telemark til Seljestad i Vestland har i dag låg standard. Tunnelane på strekninga er låge og smale, og vegen er mange stadar svært smal, svingete og har bratte stigningar.

Høgt prioritert av Statens vegvesen

– Oppstart føreset sjølvsagt at Stortinget gjer si tilslutning til delvis bompengefinansiering og til kostnadsramma. Dette er eit viktig prosjekt for regjeringa, og ligg i dag som nummer to på Statens vegvesens forslag til porteføljeprioritering, seier Nygård.

E134 Røldal – Seljestad er prioritert i NTP 2022-2033, og har ein prognose for sluttkostnad på om lag fire milliardar kroner. Vegen vil delvis bli finansiert med bompengar.

Prosjektet omfattar blant anna ein ny tunnel på nesten 13 kilometer frå Røldal til Seljestad, nytt vegkryss på Seljestad og nytt vegkryss på Liamyrane.

Røldal – Seljestad er første byggetrinn på strekninga E134 Vågsli – Seljestad, og vil bidra til å auke framkome og gi ein tryggare veg – særleg på vinterstid.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!