logo-white

Odals Værk fredet av Riksantikvaren

Riksantikvaren fredar bruket Odals Værk i Innlandet. – Dette er eit sjeldan godt bevart døme på eit stort og viktig anlegg i Innlandet, med spor frå næring og levd liv dei siste 200 åra, seier avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken.

Odals Værk - Odalen - Hedmark - Innlandet - Riksantikvaren
Gjennom tidane har eigarane ved Odals Værk lagt mykje vekt på hageanlegget. I dag er det godt bevart. (Foto: Cathrine Skredderstuen/Riksantikvaren)

På slutten av 1600-talet fann dei jernmalm i grunnen under Valstad gard, og her vert seinare Odals Værk etablert. Verket ligg i Sør-Odal kommune, ikkje langt frå Glomma, og med skog og vassdrag i nærleiken var det lettvint å skaffe energi til verksemda.

– Vi fredar både bygningar, hageanlegg og område rundt verket, seier Turid Kolstadløkken.

– Verket har spor etter fleire sosiale lag som var knytta tett til drifta. fredinga vil gjere Odals Værk synleg som ein viktig samfunnsbyggjar i si tid og ein stor arbeidsplass med lang historie i Sør-Odal.

Odals Værk - Odalen - Hedmark - Innlandet - Riksantikvaren
Den kinesiske paviljongen i Sør-Odal. I den historiske hagen står det ein kinesisk-inspirert paviljong. (Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren)

Verksemda vaks fram som eit eige samfunn, med jernverk, sagbruk, landbruk med 65 husmannsplassar og treskelåve, teglverk, brenneri og bryggeri og tilhøyrande skule og fattigvesen.

– Det er viktig å ta vare på husmannsplassen Nordre Vika som eit døme på kor vesentleg husmannsvesenet var for verksemda, understrekar Kolstadløkken.

– I alt har anlegget store kunnskaps- og opplevingsverdiar.

Den allsidige næringshistoria er godt synleg i verkets store og vel bevarte bygningar samt uteområda. I dag er Odals Værk eit aktivt gardsbruk med vekt på skogsdrift.

– Odals Værk har ei stor og spanande industrihistorie, seier ordførar i Sør-Odal kommune, Knut Hvithammer, medan det også er ein viktig og vakker jord- og skogbrukseigedom.

Odals Værk dokumenterer ein svært viktig del av Sør-Odals historie og identitet. Fredingsvedtaket er difor viktig for framtidas generasjonar som kan ha glede av dokumentert kunnskap om fortida.

I ei freding er alltid eigarane særs viktige. Det er dei som skal vedlikehalde og ta vare på eigendommen vidare.

– Vi har hatt eit fint samarbeid med Riksantikvaren fram til og med fredinga, seier Christine Opsahl. At heile anlegget no er freda, motiverar og forpliktar oss som eigar til å sikre at Odals Værk lev videre som eit kulturminne til glede og oppleving for kommande generasjonar.

Historia til verket

På jernverket produserte dei ei rekkje små og store produkt, som til dømes omnar, spiker og kanonrør. Verket blomstra i tida frå 1764 og til 1823, men i 1835 vart jernverket avvikla og drifta retta meir mot dei andre næringane på eigedomen.

Odals Værk - Odalen - Hedmark - Innlandet - Riksantikvaren
Storgarden Odals Værk slik den var i 1922. (Fotokjelde: Riksantikvaren)

Hovudbygningen og dei to sidebygningane på verket vart freda allereie i 1941. Dei store grøntanlegga rundt viser eit tidsspenn på knappe 200 år, med spor av formale hagestilar, romantiske landskapsparkar, samt anlegg med nyklassisistisk preg. I dag er grøntanlegga forenkla samanlikna med tidlegare.

– Hagane og parkane ved Odals Værk speglar en lang periode med skiftande ideal, og både enkeltvis og samla har grøntanlegga ved Odals Værk stor hagehistorisk verdi, forklarar Kolstadløkken.

Kruthuset og kornmagasinet er, i tillegg til hovudbygningane, dei einaste bygga som står att frå jernverksperioden. Dei er difor viktige å ta vare på, saman med driftsbygningar som bryggerigang og bryggerikjellar, treskelåve og låve for å vise den mangfaldige drifta ved verket. Fredinga omfattar også delar av innsjøen Fløyta, som var demma opp slik at vasskrafta kunne nyttas til drifta. I tillegg vert snikkarbua og reiskapsbua med jordkjellar freda.

Odals Værk - Odalen - Hedmark - Innlandet - Riksantikvaren
Kruthuset på Odals Værk er ein av de få bygningane som står att etter jernverksverksemda. I kruthuset vart krutet oppbevart sikkert. (Foto: Cathrine Skredderstuen/Riksantikvaren)

Høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi
Formålet med fredinga er å ta vare på Odals Værk som eit anlegg med høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Anlegget viser kulturminne knyta til industri og landbruk i perioden frå 1764 og fram til ca. 1950. Fredinga skal sikre at bygningar, hage og parkar kan vise sine særtrekk frå ulike tidsperiodar for nye generasjonar, og skal ivareta arkitektur og samanheng mellom bygningar og uteområde. Dei materielle spora etter verksemda og mangfaldet i buform og livsførsel i ulike sosiale sjikt skal bevarast.

Ni bygningar blir freda både utvendig og innvendig, medan eit bygg vert freda berre utvendig. Grøntanlegg, gardsplassar, vegar med gjerde og murar, samt fleire dammar og anlegg i elva vert også freda.

I områda rundt verket vert innmark og beiteområde, vatnet Fløyta og område rundt sagbruksdrifta, samt tidlegare hageareal freda.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen