logo-white

Nyskapande energiløysing for framtidas reisemål

Ein ny rapport viser at det kan kuttast store mengder CO2-utslepp frå norske reiselivsdestinasjonar årleg. Berre i Flåm syner prosjektet at det kan kuttast heile 12 000 tonn CO2 årleg. – Ein må sjå heile destinasjonen under eitt, og lage ei omfattande tiltakspakke frå sjø til land som omfattar all reiselivsaktivitet, ikkje berre cruisetrafikken, seier hamnesjefen i Aurland, Tor Mikkel Tokvam.

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal visar stolt fram rapporten om den nyskapande energiløysninga. I bakgrunnen ser du delar av prosjektgruppa, frå venstre: Tor Mikkel Tokvam, Tale Marie Astad Paulshus, Arve Tokvam og og varaordførar David Underdal (Foto: Odd Mehus, NTB/Norway`s best)

Rapporten, som er støtta av Enova, er utarbeida av Aurland Hamnevesen og Hafslund Rådgivning, i samarbeid med Norway`s best, Sygnir, Hafslund, Ocean Hyway Cluster og Miljøstiftelsen Bellona og skisserer berekraftige løysningar for framtidas reiseliv.

Bakgrunn for samarbeidet er Stortingsvedtaket frå 2018 som krev nullsutslepp av klimagassar for passasjerskip i verdsarvfjordane frå 1. januar 2026.

Konklusjonen i rapporten er at det årleg kan kuttast 30 000 tonn CO2-utslepp ved å etablere eit heilskapleg energisystem på turistdestinasjonen Flåm, der restkapasiteten frå landstraumanlegg vert utnytta til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi.

– Slike ambisjonar og vilje til handling må støttast og heiast fram. Skal vi ta vare på verdsarvfjordane for kommande generasjonar, må det gjennomførast snarlege tiltak, og no viser Flåm at dei ynskjer nettopp det, seier seniorrådgjevar Sigurd Enge i Bellona.

Han meiner at denne rapporten er ei god oppskrift på eit berekraftig reiseliv for andre reiselivsdestinasjonar.

Konseptet som er utgreidd, bygger på at ein ser heile destinasjonen under eitt.

– Det vil gje større utsleppskutt enn om ein berre ser på skipstrafikken, for ei berekraftig løysing for cruiseskip er berre ein liten del av det heile. Landstraum er nøkkelen. Tenker vi heilskapleg, kan vi utnytte restkapasitet frå landstraumanlegg til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi, og sørge for eit skikkeleg sprang mot det heilelektrifiserte samfunnet, seier hamnesjefen og legg til at dei som står bak utgreiinga dekkjer heile verdikjeda, som gir integritet og garanterer for realisme og kvalitet i løysingane.

Eit utstillingsvindauge

Den store lokale reiselivsaktøren Norway’s best har også delteke i prosjektet.

– Vi har ambisjonar om å inkludere både sjø og land når vi skal utvikle berekraftige løysingar for framtidas reiseliv. Det viktige er kva ein kan få til av samla kutt i utslepp, ikkje om dei kjem på sjø eller land, eller om dei er hårfint innanfor eller utanfor verdsarvgrensa, seier Arve Tokvam, leiar for kommunikasjon og strategi i Norway’s best AS.

– Breidda av teknologiske løysingar som er skissert viser at det arbeidet som er gjort har stor overføringsverdi til andre reisemål, seier prosjektleiar Tale Marie Paulshus i Hafslund Rådgivning.

Sjøfartsdirektoratet har nyleg levert forslag til innretning av regelverk for nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. I påvente av at teknologien for nullutslepp er moden for større skip, har direktoratet skissert ei overgangsløysing basert på biogass. Ei slik løysing vil bety stopp for cruise til Flåm etter 2026.

– Planane vi no har skissert er avhengig av at vi får på plass auka straumtilførsel til Flåm og etablert eit landstraumanlegg. Men utan cruisetrafikk, ingen landstraum eller investeringsevne, og utan dei to nøkkelfaktorane kan ikkje dette innovative prosjektet realiserast. Landstraum er avgjerande, avsluttar hamnesjef Tor Mikkel Tokvam og legg til at reiselivet i Aurland ynskjer å gå først i det grøne skiftet, og ikkje bli sitjande att på kaia i Flåm mens politikarane i Oslo vedtek symbolske klimakutt.

Tiltakspakka som er føreslege er omfattande:

  • Landstraum for større skip
  • Destinasjonslading for personbil
  • Mobil destinasjonslading for personbil
  • Hurtiglading for bussar
  • Sambruk hurtiglading for buss og tungtransport
  • Ladeløysing sambruk lokalcruise og Bergensbåten
  • Ladeløysing eller hydrogenfylling for RIB
  • Lading fritidsbåtar
  • Sol på eksisterande tak
  • Solcelleanlegg som parkeringsskugge
  • Grøne tiltak – avbøtande tiltak og bevaring av naturmangfald

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor

Opel Astra Sports Tourer er en rimelig familiebil som gjorde det godt i NAFs familibiltest (foto: NAF)

Seks av 10 barnefamilier vil ha elbil

Royal Beach Club Collection vil tilby en kombinasjon av opplevelser for alle, fra slående strender og bassenger til bassengbarer, en rekke spisesteder  som restaurant, bar og salong, samt et gatemarked pluss praktiske opplevelser som tequila smaksprøver og matlagingskurs (Foto: Royal Caribbean)

Lanserer ny destinasjon i Mexico: Royal Beach Club Cozumel

Mormor och barnbarn på tåget (Bildkälla: SJ.se)

SJ släpper sommarens biljetter

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm