Noreg som vinterdestinasjon er i vekst – fleire reisande i februar

3,8 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i februar. Dette er ein auke på fem prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken i talet på reisande ein såg i januar held fram i februar.

3 808 000 passasjerar reiste til, frå eller via
Avinor sine lufthamner i februar 2026 (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Som i januar er auken størst blant utanlandsreisande. Meir enn 1,5 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på sju prosent samanlikna med februar i fjor. Voksande vinterturisme til Noreg er ein viktig årsak til passasjerauken.

(Kjelde: Avinor)

– Året starta med ein auke i det samla talet på reisande i januar, og denne utviklinga held fram i februar. Tala for både januar og februar seier oss at Noreg som vinterdestinasjon er i sterk vekst, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Også på innanlandsreiser auka passasjertala.  I februar reiste 2,2 millionar – det er ein auke på tri prosent.

(Kjelde: Avinor)

Flyrørsler

Talet på flyrørsler har ikkje auka samanlikna med februar i fjor. Det var nær 45.000 flyrørsler i februar, ein prosent færre enn i februar i fjor.  Dette vil seie at flyselskapa har fleire passasjerar på flygingane i år.

(Kjelde: Avinor)

Auke i droneaktiviteten

I februar var 1629 droneflygingar registrert.

– Dette er 13 prosent færre enn i februar i fjor, og for aller første gong er  tala lågare enn i same månad året før. Det er ikkje uvanleg at, vintervêret gir lågare droneaktivitet, seier Mats Gjertsen Bye, leiar for Avinor sitt droneprogram.

– Ein kan vente at tala stig att når det blir mindre vind og varmare i vêret, seier Gjertsen Bye.

Nøkkeltal for februar 2026 samanlikna med februar i 2025:

  • 3,8 millionar passasjerar (+5 %)
  • 2,2 millionar innanlands (+3 %)
  • 1,5 millionar utanlands (+7 %)
  • 45 000 flyrørsler (-1 %)
  • 1629  droneflygingar (-13 %) 


For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjane: AVINOR – DRONER – FLYPLASSAR – FLYTRAFIKK – PASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

<span data-metadata=""><span data-buffer="">Ent innlegg

(Foto: Apollo Reiser)

Kreta er nordmenns soleklare sommerfavoritt

Fra  GTM 2015 i Erfurt og Weimar (foto: ©otoerres)

DZT sætter ind for at sikre turismen til Tyskland i en tid præget af global uro

(Foto: Ticket AdobeStock )

Vårens storbyreiser øker – London på topp

(Foto: Widerøe)

Widerøe lanserer nye ruter og øker kapasiteten for sommersesongen 2026

(Foto: Qatar Airways)

Qatar Airways gjenopptar flyvningene til over 150 destinasjoner