No må du bestille time på trafikkstasjonen

Frå 4. november slepp du kø viss du må på trafikkstasjonen. Du bestiller time på vegvesen.no.

Med timebestilling får du raskare hjelp og kan planleggje besøket på trafikkstasjonen. Du slepp kø og personalet er betre førebudd til å hjelpe deg når du kjem (Foto: Herman Ekendahl-Dreyer)

Gjer det sjølv

– Kundane våre kan løyse det aller meste sjølv på vegvesen.no. Vi må møte kundane der dei er, og stadig fleire kundar kontaktar oss i andre kanalar enn fysisk oppmøte, som til dømes via din side, chat eller direkte kontakt med saksbehandlar via epost, seier avdelingsdirektør Lill Tove Amundsen.

Vegvesenet hjelper deg om du står fast

Viss du møter opp utan å ha bestilt time, får du informasjon om korleis du kan bestille time, eller hjelp til å bestille time, viss du treng det.

Du treng vanlegvis berre å dra på trafikkstasjonen viss du skal ta teoriprøve eller oppkøyring, skal ha bilen på kontroll i hallen, du må ta nytt bilete eller signatur til førarkortet, eller viss du ikkje kan vente på å få skilt eller prøveskilt i posten.

Fleire relaterte nyhende finner du HER