Siste nytt
juli 14, 2026


Heile 94 prosent av alt biodrivstoff til vegtrafikk i Noreg i fjor var laga av avfall og restar. Brukt frityrolje og slakteavfall stod for 85 prosent.

– 13 prosent av alt drivstoff som vart brukt på norske vegar i 2022 var flytande biodrivstoff. Det er gledeleg at det blir brukt mindre matbasert biodrivstoff og meir avfall og restar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Flytande biodrivstoff blir framstilt av biologisk materiale. Nesten alt biodrivstoffet på norske vegar er importert, hovudsakleg frå land langt unna som Kina og USA.
Lite bruk av dei mest berekraftige råstoffa
Slakteavfall som ikkje kan brukast til dyrefôr og brukt frityrolje (B-råstoff), blir utnytta i stor skala til produksjon av biodrivstoff. Det er framleis liten bruk av dei mest berekraftige råstoffa (A-råstoff), som avfall og restar frå jordbruk og skogbruk og industriprosessar.
Brukt frityrolje er eit råstoff som er knytt til risiko for svindel. EU har lagt avgrensingar på bruken av B-råstoff, men han held fram med å auke i Noreg.
– Vi tilrår at dei norske krava blir vridde ytterlegare mot auka bruk av dei mest berekraftige råstoffa. Dette vil dessutan gi draghjelp til prosjekt for produksjon av flytande biodrivstoff i Noreg, seier miljødirektør Ellen Hambro.
480 millionar liter flytande biodrivstoff til vegtrafikk i 2022
Bruken av biodrivstoff i Noreg i fjor er ein nedgang på 57 millionar liter samanlikna med 2021. Hovudårsaka er at omsetjarane i større grad brukte avansert biodrivstoff for å oppfylle omsetningskravet. Ein liter avansert biodrivstoff blir talt som to liter konvensjonelt biodrivstoff inn i kravet.
Sidan andelen avansert biodrivstoff aukar på bekostning av konvensjonelt, trengst det færre talet på liter for å oppnå kravet. Samtidig søkk bruken av fossile drivstoff til vegtrafikken, og då trengst også færre liter biodrivstoff for å oppfylle kravet.
Litt palmeolje tilbake på norske vegar
I 2021 var biodrivstoff i Noreg heilt fritt frå palmeolje og soya. Men i 2022 har Eco-1 selt i underkant at 2 millionar liter biodrivstoff laga av palmeolje. Det utgjorde 0,4 prosent av biodrivstoff til vegtrafikk i Noreg i 2022.
EU har definert palmeolje som eit råstoff med høg risiko for negative konsekvensar for naturmangfald og klima som følgje av såkalla indirekte arealbrukendringar. Palmeolje som oppfyller EUs kriterium for berekraft, som dette partiet frå Eco-1 gjorde, er likevel tillaten innanfor omsetningskravet.
0,5 prosent avansert biodrivstoff i luftfarten
Det vart rapportert 3,2 millionar liter avanserte biodrivstoff i luftfart i Noreg i 2022. Dette var i sin heilskap basert på slakteavfall som ikkje eignar seg til dyrefôr frå europeiske land.
Lite biodrivstoff frå Ukraina og Russland
Ukraina og Russland er store produsentar av solsikke, raps og korn som kan brukast både til mat og drivstoff. Russlands invasjon av Ukraina har drive opp prisane på både biodrivstoff og fossilt drivstoff.
Av alt biodrivstoff som vart rapportert i 2022, kom omtrent 0,3 prosent av råstoffet frå Ukraina og 0,7 prosent frå Russland, til saman 4,6 millionar liter. Mesteparten av dette var raps.
Fakta 1: Krav om biodrivstoff
Fakta 2: A- og B-råstoff og konvensjonelt biodrivstoff