logo-white

Klart for Stad skipstunnel

– Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein viktig barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. No stadfestar vi bygginga av prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Stad Skipstunnel -KYstverket - Illustrasjon
– Målet med prosjektet er å betre framkoma og tryggleiken for sjøtransport som skal passere Stadlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. (Illustrasjon: Kystverket)

Regjeringa la fredag 12. mars fram forslag om å byggje Stad skipstunnel for Stortinget.

Bakgrunnen for prosjektet er dei spesielle seglingsforholda rundt Stad. Kombinasjonen av mykje vind, havstraumar og undersjøisk topografi i området skaper store, uføreseielege bølger og krevjande seglingsforhold.

Under dårlege vêrforhold bruker fartøy fleire gongar så lang tid på å passere Stad som under gode vêrforhold. Ikkje sjeldan må fartøy vente med å passere Stad. Ulykkesrisikoen er òg høgare enn på andre kyststrekningar, i tillegg til at stor sjøgang ofte gir skadar på utstyr og last.

Betre framkome og tryggleik

– Målet med prosjektet er å betre framkoma og tryggleiken for sjøtransport som skal passere Stadlandet. Det betyr at skipstrafikken ikkje skal ha forseinkingar av betyding på grunn av forholda ved Stad, og at ulykkesrisikoen ikkje skal vere høgare enn gjennomsnittet for kysten, seier Hareide.  

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipet MS Midnatsol (135,70 meter lang, 21,50 meter brei og 4,90 meter djup) og ein (stor) ringnottrålar. Det vil seie ei seglingsbreie på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og eit seglingsdjup på åtte meter.

– Dette vil bli den første skipstunnelen i verda av ein slik storleik. Stad skipstunnel er derfor eit pionerprosjekt der Norge går føre, seier samferdselsministeren.  

Les også: Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel (februar 2021) – Stad skipstunnel: Forprosjektet settes i gang (mars 2015)

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!

Ibsens Hotel modtager Travelers' Choice Award 2024 (Foto: Ibsens Hotel / Arthur Hotels)

Ibsens Hotel modtager Travelers’ Choice Award 2024