logo-white

Hjelleflat sluttar i Norway’s best

Solrun Hjelleflat har beslutta å fråtre stillinga si som administrerande direktør/CEO i Aurland Ressursutvikling AS (ARU)/ Norway’s best AS med umiddelbar verknad. Styret har konstituert CFO Frode Rokne som ny adm. dir., og vil starte prosessen med å tilsette ny CEO så snart som mogleg.

Solrun Hjelleflat - direktør - Norway's best AS - Flåm AS
Solrun Hjelleflat (Foto: Norway’s best AS/Sverre Hjørnevik)

Hjelleflat har leia selskapet sidan hausten 2011, og har styrt selskapet gjennom ei formidabel utvikling. I hennar tid er Flåm bygd opp som eit fyrtårn i norsk reiseliv og selskapet er blitt ein profesjonell reiselivsaktør i nasjonal samanheng.

Les også: Aurland Ressursutvikling + Myrkdalen Fjellandsby= En av Norges største reiselivsaktører (april 2020) – Flåm blir nasjonal reiselivsaktør (mars 2021)

Etter fusjonen med Myrkdalen Fjellandsby i 2020 vart Aurland Ressursutvikling AS ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på ein milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året frå heile verda.

– Hjelleflat har vore ein visjonær og ambisiøs leiar. Ho har lagt ned stor innsats i å gjere reiseliv til heilårs næring og utvikle kompetansearbeidsplassar i distriktet. Sentralt i dette har vore produkt- og organisasjonsutvikling, marknadsorientering, merkevarebygging og satsing på teknologi, seier styreleiar i ARU Øyvind Hasaas.

Covid-19 har råka reiselivet hardt, men også i denne perioden har Hjelleflat stått i stormen, styrt selskapet med stø hand og tort å satse for å komme styrka ut av pandemien.

– Selskapet takkar Hjelleflat for den store innsatsen ho har lagt ned, og ynskjer ho lykke til vidare, seier Hasaas.

– Det har vore ei glede å samarbeide med so mange dyktige kollegaer i desse åra, og eg er stolt av at vi saman har gjort Norway’s best til ein av Europas leiande reiselivsbedrifter, og ikkje minst lukkast med å skape mange heilårs arbeidsplassar i distrikta, seier Solrun Hjelleflat.

Flere relaterte saker finner du HER og HER

Nettsidene til Norway`s best finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm

Illustrasjon - Nye Bodø lufthavn - Avinor - 2021

HENT tildelt milliardkontrakt på Nye Bodø lufthavn

(bildekilder: visitnc.com/related.dk)

På stjernejakt i det sørlige USA

(Kilde:/skjermdump: Flightradar24.com)

Avinor: Forsiktig åpning av luftrommet over Sør-Norge

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024