4,5 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i mai. Dette er ein auke på fem prosent samanlikna med mai i fjor.

Talet på innanlandsreisande har auka med to prosent, frå 2,49 millionar i 2023 til 2,55 millionar i 2024. Talet på utanlandsreisande auka også, med ni prosent. Talet for utanlandsreisande var 1,75 millionar i 2023 medan vi har 1,91 millionar i 2024. Det samla talet på passasjerar er høgre enn forventningane Avinor hadde ved inngangen til året. Det er utanlandstrafikken som presterer over forventning.  

– Utviklinga i marknaden er positiv, og vi ser at flya fyllast betre enn i same periode i fjor. Vi ser i inngangen til juni at sommartrafikken er komen godt i gang med mange reiseglade nordmenn på veg til utlandet, men også turistar inn til Noreg. Delen turistar inn er framleis på veg oppover etter pandemien og komande sommar er venta å ligge godt over fjoråret for denne kategorien reisande, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.  

– Sjølv om den norske marknaden utviklar seg positivt år for år, ser vi likevel ei svakare utvikling i Noreg til skilnad frå fleire av dei europeiske marknadene. Dette uroar oss, sidan det fører til svekka konkurransekraft for norsk næringsliv, fortel Riise. 

Riise legg vidare til at utviklinga i den internasjonale fraktmarknaden held fram med styrke, og den positive trenden for Oslo lufthamn held fram med ein vekst i tonn for mai månad på heile 17 prosent.

– Det er i hovudsak snakk om sjømat, men vi ser at meir og meir netthandel finn vegen via Oslo lufthamn i staden for å bli frakta inn med lastebil frå andre knutepunkt i Europa, avsluttar Riise. 

Passasjertal og flyrørsler i mai

Det var 64 419 flyrørsler i mai. Dette utgjer ei marginal endring samanlikna med mai i fjor, da talet var 64 480.   

Flest reisande hadde Oslo lufthamn med 2 347 000 passasjerar, ei auke på sju prosent frå i fjor. Nest flest hadde Bergen lufthamn, med 583 000 reisande, ein prosent auke frå i fjor. Tredje flest hadde Trondheim lufthamn, med 360 000 reisande, ein prosent auke frå i fjor. 

På dei neste plassane kjem kjem Stavanger lufthamn med 355 961, uendra frå mai 2024, Tromsø lufthamn med 179 285, ein auke på to prosent og Bodø lufthamn med 164 724, heile 12 prosent fleire enn same månad i 2023.