
Fleire passasjerar i august og rekord på Bergen lufthamn

Nær fem millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i august. Dette er ein auke på fire prosent samanlikna med august i 2024.

Trenden med aukande tal på reisande til og frå utlandet held fram, men veksten var like stor blant innanlandsreisande i august.
Rekord på rekord på Bergen lufthamn, Flesland
– August var ein månad med god samla utvikling for Avinor sine 43 lufthamner, og ein auke på fire prosent passasjerar i både innan- og utanlandstrafikken. Både Nord-Noreg og Vestlandet har hatt betydeleg vekst. Bergen lufthamn hadde enda ein rekordmånad i august, den tredje på rad, med seks prosent vekst mot fjoråret og heile 11 prosent høgare passasjertal enn i 2019, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
– Sommarmånadene har vore svært gode, og i perioden juni til og med august har alle lufthamnene samla hatt passasjertrafikk på over 2019-nivå. Framover ventar vi ei meir moderat utvikling, særleg til vinteren der utviklinga i kapasitet hos flyselskapa på Avinor sine lufthamner er forventa å vere svak, seier Riise.
– På Oslo lufthamn held diverre trenden med ei svakare utvikling enn hovudflyplassane i nabolanda våre fram, både i høve til Arlanda i Stockholm og særleg Kastrup i København. Dette uroar oss da Oslo lufthamn er utruleg viktig, ikkje berre for Austlandet og hovudstaden, men for heile Noreg si konkurransekraft og internasjonale attraktivitet, forklarer Riise.
Turismen aukar i Nord-Noreg
– Lufthamnene nord for Trondheim hadde om lag 11 prosent vekst samanlikna med fjoråret og 14 prosent vekst mot 2019. Turisme er ein svært viktig drivar for denne utviklinga, og syner enda ein gong den sterke trenden Noreg opplever i dette reisesegmentet. August er også ein typisk feriemånad i Europa og andre deler av verda, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 56.000 kommersielle flyrørsler i august. Dette er tri prosent auke samanlikna med august i fjor. Så langt i år er det to prosent fleire flyrørsler enn på same tid i fjor.
Les også: Ny årsrekord for droneflyging










