logo-white

Del av bompengreform: Same takst og rabatt for tunge personbilar og bubilar som for lette bilar

– Sjåførar som køyrer bubil eller stor personbil må i dag betale same bompengetakst som store og tunge vogntog. Mange opplever dette som urimeleg, og nå gjer vi endringar slik at bubilar og store personbilar skal betale bomtakster på same nivå med øvrige personbilar. Vi har i dag bede Vegdirektoratet om å gå i gang med denne omlegginga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Endringane gjeld kjøretøy registrert som personbil, som etter dagens regelverk betaler same takst som tunge næringskøyretøy, det vil seie med ein totalvekt frå 3 500 kilo og oppover. Bubilar og einskilde store personbilar, slik som SUV, er døme på køyretøy som blir omfatta av endringa.

– Vi kan ikkje berre kategorisere køyretøy etter vekt, vi må òg sjå på korleis dei blir brukt. Bubilar og einskilde store køyretøy med totalvekt over 3 500 kilo skal ha same takst som køyretøy under 3 500 kilo. Vi legg opp til at omlegging kan skje tidleg i 2016.

Ein del av bompengereforma

Arbeidet med omlegging og forenkling av takst- og rabattsystem er eitt av fleire tiltak i gjennomføringa av den nye bompengereforma. Reforma skal mellom anna føre til at dei om lag 50 bompengeselskapa blir redusert til fem selskap, og at staten dekkjer meir av renteutgiftene for bompengeselskapa. Det vil medføra lavare takstar i mange bomstasjonar.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Bilde: SAS – Scandinavian Airline)

SAS blir med i SkyTeam

Cadiz ligger ved Atlanterhavet - sydvest i Andalusia, rundt 120 kilometer syd for regionhovedstaden Sevilla. Nærmeste flyplass ligger i Jerez, 40 kilometer lengre nord (Fotokilde: Ticket)

Få en forsmak på sommeren uten trengsel – her finner du de autentiske spanske perlene

Kvitnes Gård ligger i Vesterålen   (Foto: Eivind H. Natvig/Institute)

Har millioner – leter etter reiselivets beste nyskapingsprosjekter

(Foto: Apollo Sports/Surfakademin)

Apollo Sports inngår samarbeid med Surfakademin

MS Maud, her ved Senja,  skifter i høst navn til MS Midnatsol og det tradisjonsrike navnet blir igjen å se langs kysten fra november i år (Foto: Tommy Simonsen / Hurtigruten)

Tradisjonsrike MS Midnatsol tilbake langs kysten fra november