Per Brochmann er tilsett som ny sjef i konsernet Aurland Ressursutvikling AS og Norway’s best AS. Han er i dag CEO i Hurtigruten Destinations og Hurtigruten Svalbard.
Seinast 1. februar 2023 tek Brochmann over leiinga av eit reiselivskonsern som i eit normalår samla omset for rundt ein milliard, og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.
– Norway’s best er eit av dei mest spennande selskapa i norsk reiseliv. Eg er svært motivert for oppgåva, og ser fram til å vere med på å bygge vidare på det imponerande arbeidet som er gjort i Flåm og Myrkdalen, seier Per Brochmann.
– Vi er glade for å ha fått Per Brochmann på laget. Norway’s best skal skape konkurransekraft gjennom å bygge attraktive reisemål, produkt og konsept. Vi leverer spektakulære, naturbaserte opplevingar til kundar frå heile verda, og målet er å bli den leiande reiselivsaktøren. Brochmann har bakgrunn, erfaring og kompetanse som vil bidra til å ta selskapet mot dette målet, seier styreleiar Øyvind Hasaas.
Per Brochmann vil halde fram som styremedlem i Hurtigruten Svalbard når han byrjar som konsernsjef i ARU og Norway’s best.
Les også: Hjelleflat sluttar i Norway’s best (august 2021)
Flere relaterte saker finner du HER og HER
Nettsidene til Norway`s best finner du HER