Avinor i 2025: Solid trafikkår med sterk utanlandsvekst

Passasjertala for desember viser ein markant vekst for Avinor sine lufthamner. Veksten er særleg stor blant utanlandsreisande. I desember reiste 3,8 prosent fleire passasjerar enn i same månad året før. Utanlandstrafikken auka med  5,2 prosent, medan innanlands trafikk voks med 2,6 prosent.

Utanlands flytrafikk auka med 5,2 prosent, mens norsk innanriks fekk ein framgang på 2.8 prosent i desember 2025 (Foto: Avinor)

Kommersielle flyrørsler (avgangar og landingar) hadde ein vekst på sju prosent i desember samanlikna med desember 2024, og ein auke på to prosent i 2025 samanlikna med 2024.

Interessa for Noreg som vintersesongmål er tydeleg aukande, og både flyselskap og internasjonale turoperatørar har for alvor oppdaga dei norske vinterprodukta. Samstundes er det tyder på at også nordmenn reiser mykje i desember.

– Vi ser ein markant oppgang i utanlandstrafikken i desember, noko som stadfestar at interessa for Noreg som vinterdestinasjon er sterkare enn nokon gong. Det er svært gledeleg at både reisande og internasjonale aktørar får auga opp for dei unike vinteropplevingane landet vårt kan tilby, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Nord-Noreg driv mykje av veksten

Lufthamnene i Nord-Noreg hadde ein særleg sterk desember:

  • Tromsø lufthamn vaks totalt med 13 prosent fleire passasjerar, og heile 21 prosent blant utanlandsreisande. Dette gjer Tromsø lufthamn til landets tredje største lufthamn i desember – berre slått av Oslo og Bergen lufthamner.
  • Bodø lufthamn hadde ein vekst på 10 prosent.
  • Evenes lufthamn auka med 12 prosent.


– Lufthamnene i Nord-Noreg har levert eit særs imponerande år. Tromsø markerer seg no som ei av dei største og mest dynamiske lufthamnene våre om vinteren, og veksten i Bodø og Evenes viser at regionen står sterkt i ein periode der konkurransen om internasjonal merksemd er høg, seier Riise.

Fem største lufthamner: passasjertal desember 2025

LufthamnPassasjertalEndring
Oslo1 922 000+ 2%
Bergen473 000+ 3 %
Tromsø315 000+ 14%
Stavanger290 000+ 3 %
Trondheim289 0000 %

Over 53 millionar reisande i 2025

– Vi har hatt oppstart av 22 heilt nye ruter, og to nye flyselskap inn i marknaden i 2025. Det viser at Noreg har ein veldig sterk posisjon internasjonalt, med fleire attraktive reisemål. Samstundes ser vi at utanlandstrafikken på Oslo lufthamn veks betydeleg saktare enn på dei andre skandinaviske hovudflyplassane. Det understrekar behovet for å styrkje konkurransekrafta og tilgjengelegheita til Noreg framover.

Fem største lufthamner: passasjertal året 2025

LufthamnPassasjertalEndring
Oslo27 069 000+ 2%
Bergen6 696 000+ 2%
Trondheim4 110 000+ 2%
Stavanger3 975 000+ 0%
Tromsø2 881 000+ 12%

Droneflyving aukar

– I desember månad har det vore 1354 droneflyvningar, ein auke på 28 prosent samanlikna med desember året før, seier Nikola Tufekcic, leier for ubemanna luftfart i Avinor.

I heile 2025 var det 31 632 flyvninger, ein auke på 30 prosent frå 2024.

– Vi er glade for at stadig fleire vel å fly drone lovleg, avsluttar Nikola Tufekcic.

 Talet på reisande er fortfarande ikkje på 2019-nivå

Samla passasjertal for Avinor i 2025 ender på om lag 53 millionar reisande, ein vekst på tre prosent frå 2024, men det er framleis ikkje like mange reisande som i 2019 (54 millionar reisande).

For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – DRONAR – FLYPASSASJERAR – LUFTHAMNER – NORD-NOREG – PASSASJERSTATSTIKK – SAMFERDSLE

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

<span data-metadata=""><span data-buffer="">Ent innlegg

(Foto: Henri Petrutis)

Tallink Grupp chartrer ut passasjerskipet Superfast IX

Wizz Air's new base in Turin, the seventh in Italy,  will have: 2 aircraft based at the Piedmont airport starting from 14 September 2026, 7 new routes to domestic and international destinations, including the brand-new Bilbao and add 80 new direct jobs and 700 indirect jobs (Photo: Wizz Air)

Wizz Air opens New base at Turin Airport – The seventh in Italy

(Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Fleire flyr – utanlandstrafikken driv veksten i mars

(Kilde: travelmarket.no)

Oslo-fly til storbyfavoritter for under 1.000 kroner

(Fotokilde: Tourism Authority of Thailand)

Thailand inviterer internasjonale besøkende til UNESCO-anerkjent nyttårsfeiring