logo-white

Meir fleksible rabattordningar i ferjesektoren

– Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. Ved overgangen til AutoPASS-ferjekort frå januar i år opplevde mange at dei har mista gode rabattordningar. Det har aldri vore meininga. Derfor bed eg no Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

(ill.foto: ©otoerres)

I januar i år blei AutoPASS for ferje innført, med mellom anna AutoPASS-ferjekort for betaling på ferjer. AutoPASS-ferjekort erstattar verdikort og storbrukarkort. Kortet er knytt til køyretøyet. Eit hushald kan ha to bilar per kort. Praksis med verdikort var at desse korta vart nytta på ein meir fleksibel måte, som eit ihendehavarkort. Mange opplever overgangen som ei skjerping av rabattreglane.

Særleg idrettslag og transportørar har klaga på ordninga, som fører til at dei må betale inn større forskot enn tidlegare for å oppnå rabattar.

No skal Statens vegvesen sjå om det er mogeleg å gjere AutoPASS-ferjekorta så like verdikorta som mogleg. Rabattane er dei same som tidlegare.

– Vi ønskjer òg at innføringa av brikkebetaling skal skje så fort som mogeleg, derfor skal Statens vegvesen sjå på korleis dei kan gjere det raskare enn planlagt. Samstundes er det viktig at næringstransporten får gode vilkår langs norske vegar. Derfor må dei få høve til å få same rabatt med meir fleksible betalingsmåtar, seier samferdselsministeren.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Øyas minste bodega: Agustín Cabrera León lager prisvinnende røde- og hvite viner. Det er hardt arbeid, men veldig gøy! sier han (Foto: Canary Islands Tourism)

Vinruter skal bli Kanariøyenes nye turistattraksjon

(Bildkälla: FREEDOMtravel)

Stort intresse för cityguider – dessa läses mest på FREEDOMtravel

(Foto: Qatar Airways Cargo)

Qatar Airways Cargo hever standarden for dyretransporter

Plakat fra 1970-tallet (foto: hennig-olsen.no)

Hennig-Olsen Is feirer 100 år med kremen av iskrem

(Fotokilde: AVIAREPS)

AVIAREPS feirer 30-årsjubileum