logo-white

Helsefarlege kreosotsviller — Jernbaneverket tek tak

Jernbaneverket har innført totalforbod mot å selje eller gje bort utrangert kreosotimpregnert trevirke. Alt slikt trevirke vert anten handtert som farleg avfall, eller ombrukt internt til jernbaneføremål.

Kreosot inneheld kreftframkallande kjemikaliar, og stoff som er sterkt irriterande for huda. Nokon av stoffa i kreosot er også sterkt feittløyselege og vanskeleg nedbrytbare. Dei kan difor hopa seg opp i næringskjeda.

Bruk av kreosotimpregnert trevirke er strengt regulert i lovverket. I praksis føreligg det eit bruksforbod for privatpersonar. For profesjonelle aktørar er bruk tillate, men avgrensa.

Jernbaneverket ynskjer ikkje å bidra til auka risiko for at kreosotimpregnert trevirke vert brukt ulovleg og at farleg avfall potensielt kjem på avvege. Som profesjonell og ansvarleg aktør innan miljøarbeid har Jernbaneverket difor per desember 2015 innført totalforbod mot å gje bort eller selje kreosot­impregnert trevirke.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways Cargo)

Qatar Airways Cargo hever standarden for dyretransporter

Plakat fra 1970-tallet (foto: hennig-olsen.no)

Hennig-Olsen Is feirer 100 år med kremen av iskrem

(Fotokilde: AVIAREPS)

AVIAREPS feirer 30-årsjubileum

(Fotokilde: Norwegian Air Shuttle)

Norwegian tilbyr 19 millioner sommerseter

(Foto: Royal Caribbean)

Lukseriøse Royal Beach Club på Bahamas tar form