
Svakare juni, men vekst gjennom første halvår

Nær fem millionar passasjerar reiste via Avinor sine lufthamner i juni. Det er ein nedgang på 1,8 prosent samanlikna med juni i fjor. Samstundes viser tala ein samla vekst på 2,1 prosent så langt i år.
Tala for juni viser noko færre reisande enn i same månad i 2025. Nedgangen er størst innanriks, der talet på passasjerar gjekk tilbake med 2,7 prosent. Utanrikstrafikken heldt seg meir stabil, med ein nedgang på 0,6 prosent frå juni i fjor.
Flyrørsler
Flyaktiviteten held fram med å vere høg. Talet på kommersielle flyrørsler auka med 0,9 prosent i juni, medan samla flyrørsler auka med 0,4 prosent frå same månad året før.
Juni svakare enn fjoråret, men samla sett positiv utvikling så langt i 2026
Så langt i 2026 har utviklinga vore positiv. Frå januar til og med juni har Avinor registrert 25,9 millionar passasjerar, opp 2,1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Veksten er særleg driven av utanrikstrafikken, som har auka med 3,6 prosent hittil i år.
Fleire av dei store lufthamnene hadde god utvikling i juni. Bergen lufthamn, Flesland hadde ein vekst på 5,2 prosent, medan Harstad/Narvik lufthamn, Evenes auka med 10,7 prosent samanlikna med juni i fjor.
Samstundes hadde fleire av dei største lufthamnene ein nedgang, mellom anna Oslo lufthamn (-3,7 prosent), Stavanger lufthamn, Sola (-4,4 prosent) og Trondheim lufthamn, Værnes (-4,2 prosent).
Passasjertal 1.januar – 30. juni 2026 store lufthamner
- Bergen/Flesland 3.333.734 + 7 %
- Bodø 1.002.740 + 5 %
- Oslo/Gardermoen 12.919.513 + 1 %
- Stavanger/Sola 1.919.697 +/- 0 %
- Tromsø/Langnes 1.569.547 + 5%
- Trondheim /Værnes 2.032.343 – 2%
Sterk vekst på Bergen lufthamn gir behov for meir kapasitet
I juni reiste nær 690.000 passasjerar via Bergen lufthamn, Flesland. Så langt i år har over 3,3 millionar passasjerar reist til eller frå Flesland, og det har vore fleire reisande kvar månad så langt i år. Så langt i år er det sju prosent fleire reisande enn i første halvår 2025.
– Vi opplever framleis stor interesse for Vestlandet som reisemål, både blant norske og internasjonale reisande. Det gjer at fleire flyselskap satsar på Bergen og regionen vår, noko som bidreg til vekst i både trafikk og rutetilbod, seier Helge Eidsnes, lufthamnsjef ved Bergen lufthamn, Flesland.
– Den sterke veksten, særleg innan utanlandstrafikken, gjer at Avinor no planlegg fleire utbyggings- og kapasitetsprosjekt på Flesland. Målet er å tilpasse lufthamna til venta trafikkvekst og sikre gode reiseopplevingar for dei reisande i åra som kjem, fortel Eidsnes.
Dronetrafikk på same nivå som i fjor
Første halvår har det vore om lag 15.000 registrerte droneflygingar. Dette er stabilt og på same nivå som i fjor.
– Skal du fly drone i sommar oppmodar vi om å setje deg godt inn i reglane for droneflyging, og hugs på droneforbodet kring alle lufthamner, seier Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.
Fakta juni
- Totalt tal passasjerar i juni 2026: 4 997 475
- Endring frå juni 2025: -1,8 %
- Innanrikspassasjerar: 2 716 468 (-2,7 %)
- Utanrikspassasjerar: 2 234 529 (-0,6 %)
- Offshorepassasjerar: 46 478 (+0,1 %)
- Totalt tal passasjerar januar–juni: 25 millionar
- Endring hittil i år: +2,1 %
- Utanrikstrafikk hittil i år: +3,6 %
For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – DESTINASJONER – DRONER – FLYPLASSAR – FLYTRAFIKK – NYE FLYRUTER – PASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE










